Sogndal lufthamn må få hangar til nattstasjonerte fly. Foto: Halvor Farsund Storvik.
meiningar
Sogndal lufthamn må få hangar til nattstasjonerte fly. Foto: Halvor Farsund Storvik.
meiningar

Sogndal lufthamn må få flyhangar

LEIAR: Gode krefter i Sogn har tidlegare vist at ein kan få til mykje dersom ein står saman. Det må til denne gongen også.

  • Endret

Sogn og Fjordane er gode på samferdsle. Det er få kommunar og fylke i landet som kan matche dei snirklete vegane me har i regionen. Me er også eit folk som veit å seie i frå for å få det slik me vil – og slik det bør vere.

Og det bør kome ein flyhangar med på kjøpet når Sogndal, Leikanger og Balestrand no skal slå seg saman. 

Ein hangar vil gjere det mogleg å ha fly stasjonerte på Sogndal lufthamn over natta. Det vil for det første føre til færre kanselleringar, fordi det er lettare å ta av enn å lande i dårleg vêr. For det andre vil det auke kapasiteten, fordi flya naturleg nok er tomme når dei rullar ut av hangaren om morgonen.

I dag må sogningar dele morgonflyet til Oslo med nordfjordingane og då er det ikkje alltid plass til alle. Det gjer at stadig fleire må fly via Flesland og byte til eit anna selskap der.

– Det blir både dyrare å reise og det tek lengre tid, seier lufthamnsjef Svein Sanden.

Ein slik hangar vil koste 10 millionar kroner. Nyleg var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på besøk på Sogndal lufthamn, men då for å leite etter kostnadskutt. 

Avinor har investert 60-70 millionar på flyplassen dei siste fire åra, men har som prinsipp at dei ikkje byggjer hangar. Difor må det eit spleiselag til og stort politisk trykk på saka.

Sogn regionråd med kommunane i Sogn har allereie tatt initiativ. Det er veldig bra dersom alle kommunane ser at dette er ei viktig sak for regionen. Dette er viktig også for næringslivet vårt. 

Då sit me eigentleg att med ein situasjon som liknar veldig på innsamlingsaksjonen for MR-maskin på Lærdal sjukehus. I fjor sommar tikka det inn tips til redaksjonen frå både den eine og andre organisasjonen og bedrifta som ville ha oppslag fordi dei hadde gitt eit bidrag. Får me ein liknande situasjon i sommar?

Tida vil vise. Det er lettare å gi ein slant til ei MR-maskin som «angår oss alle» enn ein hangar på ei lufthamn du kanskje aldri har sett din fot på. Men då må ein vite at slike strukturar er det som bidreg til å halde eit lokalsamfunn eller ein region i live, og at sjølv om du har flyskrekk, så kan det påverke deg indirekte.

Så er det ikkje sikkert privatpersonar og lag og organisasjonar skal vere med og betale for dette, men då er det viktig at kommunane og næringslivet ser nytten av det også – ikkje berre ber om pengar. 

Skal storkommunen bli den motoren i regionen som regjeringa meiner, så er dette ei vinge som må på plass for at det skal klare å lette. Då skulle ein nesten tru at ministeren bidrog med litt pengar han også. 

Til toppen