KJEMPAR PÅ GJESTANE SINE VILKÅR: I fyrste halvdel av førsteomgang er det Brann som har kontroll på spelet, men mot pausen byrjar heimelaget å jobbe mot målsjans.
KJEMPAR PÅ GJESTANE SINE VILKÅR: I fyrste halvdel av førsteomgang er det Brann som har kontroll på spelet, men mot pausen byrjar heimelaget å jobbe mot målsjans. (Foto: Torjus Sagenes)

Sogndal målte styrke mot elitelaget Brann – bergensarane for heim med sigeren

Sogndal spelte treningskamp mot Brann i Sognahallen i dag. Kampen vil vere ein peikepinn på korleis laget vil gjere det ved seriestart om ein månads tid.

Sogndal: Brann reiser heim med sigeren, 1-0 over sogningane.

I byrjinga var det Brann som hadde kontroll på spelet. I fyrste del av førsteomgang var ballen nesten heile tida på heimelaget si side. Ut i omgangen fekk Sogndal hovudet med seg og byrja skyte på mål. Likevel heldt det ikkje bergensarane frå å setje ballen i nettet.

I starten av andre omgang er spelet forvirrande. Korkje av laga klarar å byggje opp eit godt angrep som ikkje fell ihop i forsvaret. Både Brann og Sogndal har hatt sjangsar, og endeleg får bergensarane det til.

Steffen Lie Skålevik var det som sette fyrste målet i kampen etter opplegg frå Taijo Teniste.

Høg temperatur

Mangelen på framgang for sogningane såg ut til å auke temperaturen på bana. Det er i alle fall tydeleg av begge lag var engasjerte, trass i at dette var ein treningskamp.

Sjølv om dette var ein treningskamp betyr den ein del for begge lag. Seinare i mars skal Brann spele mot både Ranheim TF og Bodø/Glimt. Dette er altso siste sjangs for å oppdatere taktikken deira. Sogndal har fleire treningskampar i mars, men skal ikkje møte Ålesund før i byrjinga av april. Kampen mot Brann gav ein god peikepinn på deira styrker og svakheiter før dei går inn i OBOS-ligaen.

OPPMØTE FOR SAFTBYGDA: Trass i at dette berre var ein treningskamp, møtte sogningane opp i hopetal for å støtte bygdelaget sitt og målvakt Mathias Lønne Dyngeland. Nær 500 tilskodarar fylde tribunene i Sognahallen. Foto: Torjus Sagenes

Slik såg lagoppstillinga til Sogndal ut før start:

Mathias Lønne Dyngeland

 

Akeem Latifu

Even Hovland (c)

Per Magnus Steiring

Ole Martin Rindarøy

 

Stanisa Mandic

Eirik Birkelund

Didé Fofoana

Eirik Schulze

 

Markus Brændsrød

Sigurd Haugen

Til toppen