Sogndal med fantastisk opphenting mot Lillestrøm

Sogndal med fantastisk opphenting mot Lillestrøm

Sogndal reiste seg meisterleg etter ein blytung førsteomgang. Men trass stormløpet som følgte vart det med det eine poenget.

Sogndal-Lillestrøm: 2-2

Uavgjortlaget Sogndal gjorde det igjen. For sjette gong på tretten kampar vart det poengdeling. Omtrent like mange gongar har laget fortent siger. Men i dag var det den fantastiske snuoperasjonen som opptok trenar Eirik Bakke.

– Me skal vere nøgde med eitt poeng når me gjer det så vanskeleg for oss sjølve før pause, seier han etter kampen.

Fekk to i sekken

Lillestrøm kom til den første sjansen etter vel fem minutt. Marius Lundemo fekk enkelt vende vekk Rune Bolseth på kanten av sekstenmeteren, før han sendte Mathias Dyngeland ut i full strekk. Keeperen fekk så vidt hansken på ballen og fista den over høgre kryss.

Etter dette tok Sogndal over spelet og kom til nokre halvsjansar. Farlegast vart det på dødballar, der både Psyche og Ramsland kom til greie avslutningar. Kjemhus var frisk på venstrekanten og fekk stadig komme til innlegg.

Men det var Lillestrøm som fekk den første scoringa. Halvtimen hadde passert då Ofkir og Skogseid kombinerte fint på høgresida. Innlegget fann ein umarkert Malaury Martin som sette ballen enkelt i mål frå kort hald.

Ti minutt seinare gjekk det frå vondt til verre for Sogndal. Etter eit langt framspel var Lillestrøm sterkast i alle dei påfølgande duellane. Til slutt vart Jradi ståande åleine i boksen og kunne pirke inn 2-0.

Det vart og resultatet til pause.

– Første omgang er jamnare enn resultatet tilseier. Men me møter eit veldig godt fotballag som greidde å utnytta feila våre i forsvar, seier Bakke.

Meisterleg opphenting

I pausen gjorde Bakke to byter. Inn med Kristian Fardal Opseth og Hannu Patronen, ut med Lars Christian Kjemhus og Bjørn Inge Utvik. Utan at nokon av dei hadde nokon spesiell skyld i det som hadde skjedd dei første førtifem minutta.

– I pausen måtte me berre gjera nokre grep. Det var dei to det gjekk utover denne gongen, seier Bakke. 

Uansett, det gjekk ikkje meir enn fire minutt før grepa gav uttelling. Sarr stanga eit frispark frå Koomson i mål og plutseleg var det liv i både kampen og heimepublikumet.

– Eg prøvde på det same mange gonger i første, men vart passa godt på. Denne gongen satsa eg satsa alt på å vere først på fremste stolpe. Det var ei bra scoring, seier Sarr.

Fire minutt etter eksploderte det igjen for Sogndal. Kristian Fardal Opseth plukka opp ballen utanfor sekstenmeteren, drog av ein mann og ekspederte ballen kontant i nettet til 2-2. Kaupingen sitt aller første mål i eliteserien.

Starta jakta på tre poeng

Plutseleg likna Sogndal det laget som til tider har dominert på heimebane før i sesongen. Sjølvtilliten og overskotet var attende, det same var veggspela og tunnelane. Koomson vakna frå dvalen og byrja å servere spissane med stikkarar. Sarr var igjen kongen på midtbana. Opseth heldt fram å kome til sjansar. Den største måtte keeper Faye Lund ut i full strekk for å avverge. 

Sjølv Patronen kunne ha scora eit mål eller to, så stor var dominansen dei tjuefem første minutta etter utlikninga. Etter dette jamna kampen seg ut og det var stadig lengre mellom sjansane.

– Det krev mykje å spele slik me gjer, det såg me dei siste ti minutta. Då var me litt sluttkøyrde og hadde ikkje så mange byter att heller, seier Bakke.

Fem minutt før slutt sette Lillestrøm inn superveteran Frode Kippe for å berge det eine poenget. Avslutninga kunne ha vippa begge vegar, ikkje minst på overtid då Lillestrøm kom på ei kontring med det som såg ut som seks mot to i overtal. 

Til slutt vart det likevel uavgjort, den fjerde på rad for Sogndal, som endar vårsesongen med tretten poeng på femten kampar. Bakke er nøgd med det laget har vist, sjølv om dei har fått noko dårleg betalt for innsatsen.

– Me er solide og vanskelege å slå. Så er det den ekstra piffen som må til for å snu desse uavgjortkampane til heimesiger, for det er her på Fosshaugane me må gjera det, seier Bakke. 

Til toppen