Lillestrøm - Sogndal 1-2
Forrige møte med Lillestrøm enda 2-2. Medan Sogndal har holdt seg stabilt på tabellen, har Lillestrøm ikkje klart seg fullt så bra. Dette var ein svært viktig kamp for heimelaget, som ligg i fare for nedrykk.
Begge laga held høgt trykk dei første minuttane. Men etter 13 minutt lagar Sogndal den første sjansen i kampen. Koomson avsluttar mot hjørne, men ballen går utanfor stolpen.
Første omgang er prega av mange skuddsjansar, men ingen går i mål. Lillestrøm har fleire sjansar, men Sogndal presar hardt i forsvaret.
Laga går til pause med stillinga 0-0.
Etter vel ein time blir Ramsland riven ned av Lillestrøm -spelar Amundsen. Medan Ramsland ligg nede spring kapteinen til heimelaget over Ramsland. Dette fører til at kapteinen blir utvist. Sogndal får straffe, og Koomson sender Sogndal i leiinga.
Bortelaget får ikkje halde på leiinga lenge, då scorar heimelaget på retur etter 69 minutt. Stillinga står 1-1 på Åråsen.
Tre minutt etter kjem Songdølene tilbake! LSK -keeperen rekk ikkje ballen i eit forsøk på å plukke vekk eit inlegg. Ole Amund Sveen sett ballen i mål for Sogndølene.
Kampen endar 1-2, og Sogndal har tre nye poeng.