Trenar Eirik Bakke og co. har grunn til å være misfornøgd etter dagens kamp. No er sogndølene ute av kampen om direkte opprykk.
Trenar Eirik Bakke og co. har grunn til å være misfornøgd etter dagens kamp. No er sogndølene ute av kampen om direkte opprykk. (Foto: Youri van der Werve / Arkiv)

Sogndal med tomålstap – Lillestrøm rykka opp

Sogndal trengte tre poeng mot Ullensaker/Kisa for å halde liv i draumen om direkte opprykk. Slik gjekk det ikkje.

Sogndal var ikkje i nærleiken av tre poeng då dei vitja Ullensaker/Kisa måndag føremiddag. 

Kampen enda 2-0 til dei gule- og grønnkledde. 

Slik var kampen: 

Begredeleg første omgang

Dei første 45 minuttane var lite å skrive heim om. To jamnspelte lag tok få sjansar, og skapte svært lite. 

Det resulterte i null skoringar, og svært lite action. 

– Strengt tatt var vel ingen i nærleiken av å skore mål, oppsummerte Eurosport sin kommentator for kampen, då laga gjekk inn til pause. 

Ull/Kisa tok grep 

Men etter pause var det Ull/Kisa som skulle styre showet.

Med eit langt høgare press-spel gjekk heimelaget i strupen på Sogndølene frå avspark. Det skulle lønne seg. 

Men det var ikkje før etter 55 spelte minuttar at dei fekk sin første store sjanse, med ein godt plassert heading frå Herman Haugen. Renze Fij lot seg ikkje overliste, og ballen gjekk til corner. 

Ull/Kisa heldt fram med trøkket, og like etter kom første skoring for heimelaget.

Kristian Aas fekk stå åleine på 17-18 meter etter ein dårleg klarering frå eit innlegg. Skotet var derimot alt anna enn dårleg og gjekk rett i krysset. Utagbart for Fij i Sogndalburet.  

Dobla leiinga 

Sogndal prøvde å svare, men det var Ull/Kisa som heldt fram med trykket. 10 minuttar etter 1-0 målet, var Aas farleg frampå igjen frå liknande hald, men ballen gjekk denne gong via ein sogndalspelar og ut til corner.

Så kom det som i stor grad punkterte kampen. 

Etter mykje klabb og babb i Sogndal-feltet var Tomas Totland uheldig og serverte Morten Sundli på blank kasse. 2-0. 

Dermed måtte noko heilt spesielt skje for at Sogndal skulle snu kampen, og halde seg inne i kampen om direkte opprykk. 

Men sluttspurten kom aldri, og det endte med 2-0 til heimelaget. 

Det vil også seie at Lillestrøm er klar for tippeligaen, etter å ha enda på 2.plass på tabellen. 

Sogndal må no konsentrere seg om kvalik. 

Då lyt dei truleg heve seg fleire hakk, skal det resultere i opprykk.

Til toppen