MISTA PLASSEN I ELITESERIEN: Sogndal lyt no spela i 1. divisjon etter bom i straffesparkkonkurranse mot Ranheim.
MISTA PLASSEN I ELITESERIEN: Sogndal lyt no spela i 1. divisjon etter bom i straffesparkkonkurranse mot Ranheim. (Bilde: Arkiv/Youri van der Werve)

Sogndal mista plassen i Eliteserien

Bomma i straffesparkkonkurransen.

Ranheim - Sogndal: 1-0 (0-0)

Då Sogndal møtte Ranheim onsdag denne veka på heimebane, var Ranheim det beste laget. Sogndal stakk likevel av med eitt poeng, som kunne komme godt med i dagens returkamp på bortebane i Trondheim.

I returkampen var Ranheim det beste laget på bana, og hadde fleire farlege sjansar som kunne utlikna, men dei fekk det ikkje til. 

Til pause stod stillinga 0-0.

Ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse

Tre minutt før ordinær tid var over fekk Ranheim straffespark og auka leiinga. Sidan Sogndal hadde vunne første kvalikrunden, vart det duka for to ekstraomganger på 15 minutt. 

Sogndal-trenar Eirik Bakke seier til Porten.no at det var skandale å dømma straffe på ein så viktig kamp.

Det er elendig nivå på dommar, legg Bakke til.

Då begge ekstraomgangane var mållause skulle det heile avgjerast med straffesparkkonkurranse:

Sogndal scora på fire av fem straffespark, mot Ranheim som scora på alle sine fem. Det var Michael Karlsen som scora for Ranheim, og sikra dei plassen i Eliteserien.

Sist Ranheim rykte opp til dette nivået var i 1954.

Til toppen