BITTERT: Sogndal gjekk frå 3-1 leiing til pause, til 3-3 då fløyta gjekk.
Video

Sogndal mista sigeren i sluttminutta

Det låg an til tre viktige poeng i nedrykksstriden, men to minutt før slutt utlikna sølvjagande Sarpborg. Sjå høgdepunkta her!

Sogndal-Sarpsborg 08: 3-3 (3-1)

Som mot Lillestrøm sist tapte Sogndal i kveld viktige poeng då kampuret tikka mot full tid. Tek du med at dei siste seks tapa har vore med eitt måls margin, forstår du kvifor trenar Eirik Bakke føler det buttar.

JUBEL: Gilbert Koomson har nettopp sendt Sogndal i føringa 2-1.
JUBEL: Gilbert Koomson har nettopp sendt Sogndal i føringa 2-1. Foto: Halvor Farsund Storvik 

– Me spelar til tider fantastisk fotball, skårar nokre flotte mål, men er sjølvsagt skuffa når me sit att med berre uavgjort, seier han.

Kom under, men snudde til 3-1

Bortelaget kom best i gang og allereie etter fem minutt hadde 173 centimeter høge Krepin Diatta stanga Sarpsborg i leiinga.

Sogndal kom fort til hektene og byrja å produsere halvsjansar, først ved Bendik Bye, så ved Eirik Birkelund.

Det vart uttelling først då 41-åringen Kjetil Wæhler fekk lade slegga. Etter ein duell i feltet hamna returen i beina til murbrekkaren. Han gjekk for kraft og trumfa inn utlikninga. Med det er han også den eldste målskåraren i Eliteserien nokosinne.

Sogndal-Sarpsborg 08: 3-3

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Trygve Kjensli (Nesodden IF)

Målscorarar, Sogndal: Kjetil Wæhler (21), Gilbert Koomson (29), Ole Martin Rindarøy (39)
Gule kort, Sogndal: Reiss Greenidge, Eirik Birkelund, Even Hovland, Martin Ramsland.

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
2. Taijo Teniste
16. Reiss Greenidge (Per-Magnus Steiring 85.)
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
4. Chidiebere Nwakali
10. Gilbert Koomson
14. Ole Martin Rindarøy
27. Eirik Birkelund
11. Martin Ramsland
18. Bendik Bye

 

Heimelaget gav seg ikkje med det. Åtte minutt seinare avanserte Reiss Greenidge i lange klyv. Han fann Gilbert Koomson, som enkelt runda sin oppassar og sende Sogndal i føringa.

Dagens vakraste kom ti minutt seinare. Ein gjennombrotspasning fann Ole Martin Rindarøy, han sprang frå alt og alle og chipa ballen elegant over ein utrusande Anders Kristiansen i sarpsborgmålet.

– Eg såg at han kom ut og veit at det som oftast ledig over keeperen. Den satt fint, konstanterer målskåraren.

Glad for å vere tilbake etter skadedebut

Moldensaren kom til Sogndal i sommarvindauget, men vart strekkskada allereie i debuten mot Odd. Sjølv han er skuffa over to tapte poeng, var det stort å endeleg kunne bidra på bana i serieinnspurten.

– Det betyr alt. Eg har vore skada i to månader og sett fram til å spele like lenge. No er eg tilbake og er veldig glad for det, seier han.

Målet hans gjorde at Sogndal kunne gå til pause med imponerande 3-1 og stø kurs mot tre viktige poeng.

Men andre omgang starta like marerittaktig som den første. Igjen var ein sarpborgsspelar plutseleg åleine i feltet og kunne enkelt stange inn reduseringa.

KLASSE: Ole Martin Rindarøy var tilbake frå skade og varta opp med eit skikkeleg klassemål i førsteomgang.
KLASSE: Ole Martin Rindarøy var tilbake frå skade og varta opp med eit skikkeleg klassemål i førsteomgang. Foto: Halvor Farsund Storvik

I det 76. minutt fekk Gilbert Koomson tidenes sjanse til å punktere kampen. På 12 meter prøvde han å prikke ballen i lengste, men uheldigvis sneik ballen seg utanfor stolpen.

Diatta var forskjellen

Så skjedde det som ikkje skulle skje. Igjen var Krepin Diatta høgst i feltet. Han heada tilbake til Matti Lund Nilsen som kunne skåre sitt andre for dagen.

– Diatta følte eg var forskjellen som gjorde at me ikkje sit at med tre poeng her i dag. Han er ein klassespelar, seier Bakke.

Dei to tapte poenga betyr at Sogndal no har like mange poeng som Tromsø på kvalikplass. Bakke føler innsatsen i kveld likevel beviser at dei har det som trengst for å greie seg.

– På ein god dag er me like gode som Sarpsborg. Hadde me hatt denne gjengen og latt dei spela saman heile året, så hadde vi vore høgare vi òg, seier han. 

 

BERRE NESTEN: Eirik Birkelund var ikkje den verste, men blant dei som brente opplagte sjansar for Sogndal i kveld. Det skulle vise seg å koste dyrt.
BERRE NESTEN: Eirik Birkelund var ikkje den verste, men blant dei som brente opplagte sjansar for Sogndal i kveld. Det skulle vise seg å koste dyrt. Foto: Halvor Farsund Storvik 
Til toppen