Sogndal mista tomålsleiing - spelte uavgjort mot Åsane

Sogndal mista tomålsleiing - spelte uavgjort mot Åsane

Publikum håpte på førehand på eit Sogndal-lag med trøkk og energi mot Åsane i dag. Det fekk dei sjå, men det holdt ikkje til siger.

SOGNDAL – ÅSANE 2-2 

Etter ein tung haust, med mange knipne tap, løfta Sogndølene seg mot Åsane. Den forventa tøffe bataljen mot fylkesrival Åsane vart nettop det.

Sogndal synte prov på at dei kan visst dei vil, men ein god førsteomgang var ikkje nok til å få tre poeng. 

Slik var kampen. 

Trøkk heilt fra start

Det var eit tent Sogndal-lag som gjekk i strupen på Åsane etter dommaren blåste i gang kampen klokka 13.00. Allereie etter to minuttar kunne den første skåringa ha kome då Alioune Ndour holdt på å snappe ballen frå ein høgt pressa Åsane-keeper, Mark Fabricius Jensen. 

Men snaue halvminuttet etter måtte Jensen likevel plukke ballen ut av nota, då Ndour fekk skyte frå 17-18 meters hold. Ein god gammaldags mark-krypar til høgre hjørne for keeper. 

Det skulle gå litt tid før dei store sjansane kom igjen, i ein omgang der Åsane hadde mykje ball og Sogndal heldt fram å pressa høgt. I det 29. minutt dribla Endre Kupen seg gjennom Åsane-forsvaret, og kunne var i god posisjon til å skåra åleine med keeper. Men Kupen sentra usjølvisk til kaptein Mannsverk som enkelt kunne breiside ballen inn til 2-0. 

GOD MANNSVERK: Sogndal-kaptein Sivert Mannsverk hadde ein solid 1. omgang. Foto: Ola Weel Skram

I minuttane fram til pause var ballen stort sett på Åsane si banehalvdel. Ein kunne både sjå og høyre frustrasjonen.

– H***** altså, brølte til dømes Åsane sin nummer åtte, vikjen Kristoffer Valsvik ut, undervegs i kampen. 

Lite meir skjedde før pause, og Sogndal kunne inn i garderoben med ein komfortabel leiing. 

Åsane slo tilbake

Men enkelte har jo også sagt at 2-0 er den farlegaste leiinga. Og i 2.omgang var det Åsane sin tur til å dominere. 

Og når skotet til Endre Kupen smalt i stolpen og ut etter 52 minuttar spelt, måtte Sogndalforsvaret fortvilt konstantere at det var Åsane som skåra først etter pause. 

Etter 62 minuttar var innbyttar Harald Tangen Nilsen, som nettop hadde komme på bana, spelt ledig igjennom mot sogndalkeeper Renze Fij. Han gjorde ingen feil og reduserte for bergensarane.  

Fem minuttar seinare kunne det stått 2-2 då Åsane fekk straffespark etter ein felling frå Mannsverk. Men Renze Fij var med på notane, og stillinga skulle stå seg litt tid. 

Så kom utlikninga i det 78. speleminutt, då markeringa igjen glapp for Sogndalforsvaret. Stian Nygård set den til venstre for Fij. Stang inn.

Mot slutten av kampen vart det mykje kriging, men lite skjedde, og kampen enda med uavgjort. 

Kanskje møtast laga igjen, når kvaliken tek til. Då må Sogndal opp enda eit hakk. 

Til toppen