GJENSYN: Azar Karadas har spelt på Fosshaugane fleire gonger, både i raud og kvit drakt. 
GJENSYN: Azar Karadas har spelt på Fosshaugane fleire gonger, både i raud og kvit drakt.  (Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik)

Bakke: – Me har vel aldri vore så «underdog» mot Brann som i denne kampen

Sogndal møter erkerivalen på heimebane i cupen

Sogndal: Fotballforbundet la måndag fram kampoppsettet for tredje runde i NM. Sogndal skal møta møta erkerival Brann på eige gras 19. juni.

– Me møter eitt av topplaga i Eliteserien, så det er ikkje akkurat den enklaste motstandaren me kunne få, seier trenar Eirik Bakke.

I 2015 vart Sogndal nummer éin og Brann nummer to i OBOS-ligaen, i det som var debutsesongen som trenar for Bakke. Lars Arne Nilsen tok over Brann-skuta midtvegs i sesongen, og greidde å snu ein svak start til opprykk.

– Det har skjedd mykje i begge klubbar sidan, no er dei i toppen av eliteserien og me er i botnen av førstedivisjon. Me har vel aldri vore så underdog mot Brann som i denne kampen, men det passar bra, seier Bakke.

Håpar på publikum

Dette blir første møte mellom dei to sidan 2017, viss me ser vekk frå treningskampar. Den gongen tapte Sogndal mot Brann både heime og borte i ein sesong som enda med nedrykk frå Eliteserien.

Tapet på Fosshaugane det året var det første sidan 2002 mot erkerivalen på eige gras. Seks sigrar og to uavgjorte kampar vart det i mellomtida. Sist dei møttest i cupen var på Brann stadion i fjerde runde i 2011. Brann gjekk vidare etter å ha vunne 3-2 på straffer.

Etter eit heller labert publikumsframmøte i ein heller laber seriestart, håpar dagleg leiar Rasmus Mo at folk veit å møta opp til cupdysten.

– Sogndal mot Brann trekkjer vanlegvis mykje publikum, både i Bergen og i Sogndal, men det er vanskeleg å forutsjå. Denne kampen kjem på ein vekedag, så me skal ikkje garantera at det blir mykje folk. Men me håpar sjølvsagt kan gjenskapa litt av den ramma me kjenner frå desse oppgjera, med fulle tribunar og god stemning, seier Mo. 

Gjensyn med fleire kjente fjes

Sogndal slo Stryn 5-0 i første runde av cupen, og Hødd 2-0 i andre, begge på bortebane. Brann slo Arna-Bjørnar 6-1 i første runde og Åsane 2-0 i andre.

For fleire spelarar blir det eit gjensyn med Fosshaugane. Både Azar Karadas, Gilbert Koomson, Taijo Teniste og Petter Strand har tidlegare spelt for Sogndal. 

– Halve brann er jo Sogndal. Dei kjem tilbake til ei bygd dei leverte for i fleire år. Eg er heilt sikker på at det blir berre kjekt, seier Mo.

– Me har prøvd å unngå oppsett av lag som har møttest i cupen dei siste tre til fire åra, samstundes som me ønskjer å laga nokre gode lokaloppgjer seier Rune Pedersen, seksjonsleiar for kampadministrasjon i NFF i ei pressemelding.

Til toppen