SPANANDE KAMP: Det er duka for spaning då Sogndal møter Mjøndalen laurdag ettermiddag
SPANANDE KAMP: Det er duka for spaning då Sogndal møter Mjøndalen laurdag ettermiddag (Foto: Rune Sjøberg, Sogndal Fotball)

Jamn kamp og amper stemning fekk antiklimatisk slutt

Laurdag ettermiddag barka Sogndal og Mjøndalen saman på Isachsen Stadion utanfor Drammen. Heimelaget låg no på tredjeplass på tabellen, so sogningane venta ei skikkeleg utfordring. Kampen enda med fire minutt overtid, utan at nokon mål vart skåra.

Sogndal: Stillinga er 0-0 i det me går inn i fire minutt overtid!

– Eg er litt skuffa av at me ikkje vinn, men eg er stolt over gutane, seier sogndaltrenar Eirik Bakke til Eurosport.

Kampen var jamn, og ingen lag synte spesiell dominanse over ballen. 

Sju minutt ut i kampen fekk Ulrik Fredriksen ein kjempesjans. Han var åleine med målvakta på kring tolv meter hold. Han sette eit kraftfullt skot, men bomma med vel ein meter på nettet.

Utanom Sogndal sin kjempesjans fekk både heimelaget og dei besøkande fleire forsøk på å sette ballen i mål, utan hell. Sogndalmålvakta hadde fleire gode redningar denne omgangen, og heldt alle skot frå maskene.

36 minutt ut i fyrste omgang fekk sogndalspelar Johan Hove gult kort, og i 51. minutt fekk Eirik Schulze det same. I 90. minutt følgde Ulrik Fredriksen i deira fotspor.

Også mjøndalspelarane Jonathan Lindseth og Jirbil Bojang fekk gule kort i 90. minutt.

Då det var 30 sekund att av dei fire ekstra minutta vart det amper stemning på graset. ein spelar for Mjøndalen vart takla, og tykte lite om at dommaren ikkje blåste. Etter kort argumentering med noko kroppskontakt skilde laga seg, og spelte til kampen vart blåst av.

– Det er ein vanskeleg bortekamp for oss. Me spring eigentleg over dei, og dei veit ikkje kva dei skal gjere når me pressar. Eg tykkjer dette var ein bra omgang, seier kaptein Mathias Lønne Dyngeland til Eurosport i pausen.

Før kampen

Sogndal har to uavgjorte kampar og to poeng. Dei ligg i dag på tiendeplass på tabellen i OBOS-ligaen. Mjøndalen har berre gjort det litt betre, med ein siger og ein uavgjort kamp. Dei har dimed fire poeng og ligg som nummer tre på tabellen, like under Sandnes Ulf og Notodden.

Sist gang Sogndal slo Mjøndalen på heimebane var attende i 1982. Dagens kamp har enno ikkje synt noko teikn på om dette vil endrast i dag.

Slik såg laget til Sogndal ut før avspark:

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Reiss Greenidge, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Didé Fofana, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Markus Brændsrød, Kasper Nissen,Sigurd Haugen

Porten.no oppdaterer saka!

Til toppen