POENGDELING: Martin Ramsland satte sitt sjette mål for sesongen, medan resten av laget sløste med sjansane.

Sogndal nærast i poengdelinga mot botnlaget Viking

Sjå høgdepunkta då Sogndal sløste store sjansar i uavgjortkampen mot Viking i kveld.

Sogndal-Viking: 1-1

Eit vikinglag på desperat poengjakt fekk den beste starten, men greidde ikkje å skape det heilt store mot kompakte Sogndal. Dei kvitkledde spelte seg etter kvart meir inn i kampen, utan det vart noko fyrverkeri av den grunn.

Ikkje med det første i allefall.

Sogndal farleg frampå

For då det først small, så small det skikkeleg: først i det 35., så i det 36. minutt. Gilbert Koomson kom plutseleg åleine gjennom, men vart stoppa av eit keeperlår då han avslutta frå skrå vinkel.

Assistkongen frå i fjor burde nok ha vore litt mindre sjølvisk og sett løpa som kom ute i feltet.

Ikkje mange sekunda seinare fekk Martin Ramsland sjansen på volley. Sørlendingen fekk godt treff og ballen hadde god retning, men vikingkeeper Iven Austbø var med på notane. Sogndal har vore dødeleg effektive store delar av sesongen, men burde greidd å få meir ut av i allefall den første av dei to megasjansane.

Heimelaget Viking hadde størst grunn til å vere nøgde med 0-0 til pause, trass i at dei dominerte banespelet.

To mål på to minutt

Andreomgang var knapt starta då Koomson igjen var farleg frampå. Denne gongen fekk han avgarde eit lurt skot utanfor boksen, men desverre gjekk det rett i vikingblokka.

Dei neste tjue minutta skjedde det fint lite, før Rasmus Martinsen heilt ut av det blå fekk heade Viking i leiinga frå to meter etter eit hjørnespark. Reprisa kunne tyde på at Mathias Dyngeland vart hindra av ein arm då han var på veg ut for å bokse.

Sogndal svarte uansett på direkten. Jubelen hadde knapt stilna då Martin Ramsland fekk pirka ballen forbi Austbø og kunne breiside ballen inn i det opne målet. Assisten frå Eirik Schulze var det klasse over. 1-1 og ny kamp.

Rei av stormen

Etter utlikninga tok Viking igjen meir over. Nokre skotforsøk vart det, men ingen av dei sette Dyngeland på verkelege prøver.

Farlegast vart det då innbytar Zymer Bytyqi fekk tatt ned ballen i boksen, men Taijo Teniste rakk å gripe inn før førstnemnde fekk avslutte.

På overtid vart derimot Sogndal sett under skikkeleg press. Viking holdt på å skyte bortelaget i filler og Bytiqi var igjen svært nære då han sende Dyngeland ut i full strekk etter eit flott dribleraid.

Sogndal greidde å ri av stormen og sikra dermed ei grei poengdeling på bortebane.

Til toppen