Er det ja-røysta til innbyggjarane i Sogndal, eller nei-stemmene til nabokommunane som skal vege tyngst? Det var dilemmaet fleire av kommunepolitikarane i Sogndal sleit med i går.

Til slutt var det likevel berre seks Sp-representar og ein frå Krf som gjekk mot å slå saman dei fire naboane.
Bjarte Stedje (Sp) fann den klåraste formuleringa på kvifor:
– Brudgomen har vore på friarferd og brura sa nei.
Fryktar tvangssamanslåing
Sjølv om tilrådinga ikkje seier noko om bruk av tvang for å oppnå målet, er det nettopp det Senterpartiet fryktar vil bli den inderekte konsekvensen litt lenger fram i tid.

– Kommunalministeren har sagt at inneklemte kommunar kan bli tvinga til å slå seg saman, seier Stedje.
SV sleit med det same dilemmaet, men enda på motsett konklusjon. Dei fire kommunane bør bli slått saman, er deira råd.
– Når innbyggjarane i Sogndal sa ja til kommunesamanslåing, så vart det avgjerande for oss, seier Vibeke Johnsen (SV).
– Hadde vorte ein fantastisk ny kommune
Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) understrekar at oppgåva deira berre er å meine kva som er det beste alternativet for Sogndal. Ikkje meir enn det.
Og der har politikarane folket i ryggen, i alle fall den fjerdedelen som stemte, på at det er Luster, Leikanger, Balestrand og Sogndal.
– Det hadde vorte ein fantastisk ny kommune, som ville ha teke på seg mange nye oppgåver og vorte ei vekstkraft i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, seier Aarvoll.