SIGER: Gutta i kvitt vann over HamKam på heimebane i 16. serierunde av OBOS-ligaen.
SIGER: Gutta i kvitt vann over HamKam på heimebane i 16. serierunde av OBOS-ligaen. (Foto: Toril Walker Norheim)

Sogndal opna siste halvdel av OBOS-ligaen med siger over HamKam

Målet etter 22. minutt redda heimelaget etter ein noko ustabil 2.omgang på Fosshaugane Campus.

Sogndal – HamKam: 1–0

Kampen i 16.serierunde var prega av mykje småfeil og begge lag sleit med avslutningane. Sogndal fekk første og einaste mål i 22. minutt. I andre omgang falt vertane bakpå, og HamKam fekk styra spelet.

Det har vore jamnt mellom dei to laga på Fosshaugane Campus dei siste åra. Dei har begge tre sigrar kvar, og to uavgjort gjer at ingen av dei har noko overtak. No har Sogndal overtaket.

For rett over ein månad sidan slo Sogndal HamKam 3-1 på bortebane, 17.juni. 

Sesongen har vore prega av opp- og nedturar for Sogndal, men no ligg dei på 2. plass, berre tre poeng bak Aalesund. HamKam ligg på 12. plass med 17 poeng, noko som er heilt OK for eit nyopprykka lag. 

Sogndal - HamKam: 1-0

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Kristoffer Hagenes
Arena: Fosshaugane Campus, Sogndal

Gule kort, Sogndal: Wæhler (15) 

Gule kort, HamKam: Moen (72), Solbakken (73), Dønnum (91)

Cornarar, Sogndal: 11

Cornarar, HamKam: 6

Mål: Sogndal (Haugen, 22)

Sogndal:

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)

2. Akeem Latifu

3. Per-Magnus Steiring

4. Kjetil Wæhler

14. Ole Martin Rindarøy (Victor Grodås, 67)

7. Eirik Schulze

8. Eirik Birkelund

24. Sixten Jensen

10. Stanisa Mandic (Ulrik Flo, 65)

18. Lars Christian Kjemhus (Joachim Soltvedt, 84)

22. Sigurd Haugen

Press frå heimelaget i 1.omgang

På bana i fyrste omgang var det to lag med mykje fyr og vilje. Presisjonen mangla derimot , og sjansane vart rota vekk i feltet.

Første målet kom i 22. minutt frå heimelaget etter kontring.

Latifu storma fram, og skyt over mål. Inga fare, for toppscorar Sigurd Haugen dukkar opp på bakerste stolpe og stupar ballen i mål. 

Etter heimelaget fekk sitt fyrste mål, pressa dei Hamargutane.

Bortelaget klamra etter eit overtak mot sogningane, men vertane heldt trykket oppe. 

HamKam fekk si første avslutning eitt minutt før pause. Alegre med skot på skrått frå 13-14 meter. Rett på Dyngeland. 

Travel 2. omgang

Sogningane opna hardt, og gjekk rett i angrep i starten av andre omgang. Eit skot frå Haugen vart teke i mot i ei strålande redning av HamKam-keeper Lukasz Jarosinski. 
 
HamKam spiss Ivar Rønning er på. Gjekk ned idet han klarerte corner frå Kjemhus, nede igjen minuttet etterpå etter duell med Mandic. 
 
I 50. minutt var det fullt kaos i feltet til heimelaget, etter corner frå  HamKam. Sogndal fekk klarert. Heimelaget visar seg å vera skarpe i overgonger. Farleg for HamKam, som mistar ballen på eigen banehalvdel. 

Like etter to kom store sjansar for HamKam. Heimekeeper på bærtur, og bommer på ein boksing. Kamma heada på mål, men Steiring redda på streken. Grønnkledde Ibrahim, fekk vera åleina i femmeteren men skyt i nettveggen.

22. MINUTT: Sigurd Haugen sette inn 1-0 til Sogndal. Foto: Toril Walker Norheim

Bortelaget styrte sluttminuttane

Då halvparten av andre omgang er spelt, er det HamKam som styrar spelet. Bortelaget fekk frispark, men ballen havna rett i armane på Dyngeland. 
 
I 72. og 73. minutt kom det to gule kort på strak arm til bortelaget. Petter Vaagan Moen får kort grunna banning då han ikkje fekk corner. Kortet er hans femte gule, og han må stå over neste kamp.
 
Endå eit gult kort til Markus Solbakken etter ein sein takling.
 
Ti minutt igjen på klokka, får HamKam ein kjempesjanse. Dønnum åleina i sekstenmeteren med ein susar, Dyngeland sendte ballen i retur og fann Midtskogen som fekk ei tå på ballen. På streken stod Steiring og reddar for andre gong. 
 
HamKam har overtak på sogningane, men slit med avslutningane. Sogndal er rask i overgangane, men får det ikkje til. Sogningane dreg i land sigeren etter 95 minutt.
Sesongen har vore prega av opp- og neturar for Sogndal, men no ligg dei på 2.plass berre tre poeng. 

Til toppen