NYTT TAP: Haugesund var effektive, medan Sogndal sløste. Sjå høgdepunkta frå kampen.
Video

Sogndal på kvalik etter nytt tap: – Vi er ikkje nervøse enno

Kaptein Even Hovland fekk ikkje den returen han hadde håpa på. Sjå høgdepunkta!

Sogndal-Haugesund: 0-1

Etter fire tap på dei fem siste kampane byrjar nedrykkspøkelset å true på Fosshaugane.  Akkurat no ligg dei på kvalik med Tromsø vakande to poeng bak. Og nordlendingane har ein kamp mindre spelt.

DEBUT: Det har blitt nokre sogndaldebutantar i årets sesong. I dag var det Joachim Soltvedt som fekk sjansen etter overgangen frå Åsane.
DEBUT: Det har blitt nokre sogndaldebutantar i årets sesong. I dag var det Joachim Soltvedt som fekk sjansen etter overgangen frå Åsane. Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Vi er ikkje nervøse enno. Det er som regel ein kamp for å overleve i Sogndal og mange av oss har vore med på dette før. Vi har åtte kampar igjen i haust og har gode sjansar til å ta poeng. Vi må berre ikkje grave oss ned, men backe opp kvarandre og bygge opp ein fantastisk innstilling inn mot neste kamp, seier midstoppar Even Hovland, som fekk kapteinsbindet i sin første kamp etter heimkomsten.

– Held ikkje på dette nivået

Førsteomgang vart sjansefattig. Eirik Skaasheim var nær ved å styre ballen i krysset etter ein halvtime. Even Hovland kunne òg ha skåra i heimkomsten, men traff berre luft då ballen hamna i beina hans etter eit hjørnespark. Martin Ramsland var farleg framme på ein kårner. Det var vel omtrent det.

Sogndal - Haugesund: 0-1

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Tom Harald Hagen (Grue IL)

Målscorarar, Sogndal: 
Gule kort, Haugesund: Gytkjær (68)

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
30. Joachim Soltvedt (Bye 72.)
16. Reiss Greenidge
41. Kjetil Wæhler
40. Even Hovland (k)
24. Eirik Skaasheim
4 Chidi Nwakali (Hove 77.)
10 Gilbert Koomson
27 Eirik Birkelund
7. Eirik Schulze (Brendsrød 81.)
11. Martin Ramsland

Haugesund sine små forsøk vart på si side demma godt opp av heimvende Hovland, veteranen Wæhler og grisesterke Greenidge. Null sjansar var fasiten etter første førtifem for dei blå gjestane.

Haugesund skulle komme lettare til det i andre. I det 58. minutt vart ballen snappa vekk frå ein nølande Kjetil Wæhler. Etter to siste-liten-blokkeringar var det veteranen sjølv som ordna opp i tabben.

Bortelaget hadde no byrja å styre kampen og kom til stadig fleire halvsjansar. I det 60. minutt måtte Dyngeland fiste eit godt styrt Kovacevic-skot til hjørnespark.

Åtte minutt seinare sat skåringa. Nwakali rota, Haugesund kontra og Gytkjær putta med sitt første spark på ballen.

– Det held ikkje på dette nivået. Skal vi få poeng heime så må vi vippe desse marginane i vår favør i staden for å gje dei til motstandarane, seier Hovland om glippen.

NÆRE PÅ: Eirik Skaasheim fekk god dreis på skotet i første omgang, men ballen sneik seg utanfor det lengste krysset.
NÆRE PÅ: Eirik Skaasheim fekk god dreis på skotet i første omgang, men ballen sneik seg utanfor det lengste krysset. Foto: Halvor Farsund Storvik

Vil helst gløyme kampen så snart som råd

Ti minutt før slutt, med Bendik Bye, Markus Brændsrød og Johan Hove bytta inn, starta endeleg sluttspurten. Heimelaget klarte å skape eit visst trøkk og Even Hovland hadde dagens andre sjanse til skåre. Diverre vart headinga litt for slapp. 

Den ultimate sjansen kom derimot eitt minutt på overtid. Ramsland kom på blankt mål, men deisa ballen over frå kort hald. Lyslyggen mista balansen då han skulle skyte og frå tribuneplass kunne det sjå ut som han fekk ein liten dytt i ryggen.

FOR SJELDAN: Her rundlurer Gilbert Koomson ein haugesundback trill rundt. Det skjedde litt for sjelden i dagens heimekamp.
FOR SJELDAN: Her rundlurer Gilbert Koomson ein haugesundback trill rundt. Det skjedde litt for sjelden i dagens heimekamp. Foto: Halvor Farsund Storvik

Noko òg bortekapein Vegard Skjerve innrømma etter kampen.

Då dommaren blas i fløyta seks minutt på overtid var det fjerde tapet dei siste fem kampane eit faktum.

– Vi utnyttar ikkje sjansane vi får i første og det trykket vi greier å skape. Så gjer vi ein feil i andre som gjer at dei får kontre. Den eine sjansen skårar dei på, seier Hovland.

– Denne kampen er det berre å gløyme, det er ikkje anna gjere, seier han.

Til toppen