I SKOTET: Joachim Soltvedt har hatt mange feite sjansar i seriestarten, men har lukkast betre som servitør. Mot Notodden fekk han ein ny assist.
I SKOTET: Joachim Soltvedt har hatt mange feite sjansar i seriestarten, men har lukkast betre som servitør. Mot Notodden fekk han ein ny assist. (Bilde: )

Sogndal på kvalikplass etter ny siger

Etter ein grå start på sesongen står Sogndal no med to strake sigrar.

Notodden-Sogndal: 0-2 (0-1)

Notodden har hatt ein forrykande start på sesongen, med 10 poeng på fire kampar. Mot Sogndal var det derimot bom stopp. Bortelaget styrte frå start til slutt, og tok ein komfortabel 2-0 siger.

Dei tre poenga gjer at Sogndal no klatrar til femteplass på tabellen, og har heng på laga framfor. Dei er eitt poeng bak Notodden, to bak Sandnes Ulf, tre bak Viking og fire bak Aalesund. 

Frå avspark av vart Notodden stressa av det høge og agressive presset til Sogndal. Allereie etter ti minutt hadde Joachim Soltvedt testa skotfoten tre gongar. Den siste av dei burde nok ha gitt uttelling, men ballen strauk utanfor høgre stolpe. 

Notodden-Sogndal: 0-2

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Svein Tore Sinnes (Flekkefjord FK)
Arena: Idrettsparken KG Notodden

Gule kort, Sogndal: Mandic, Greenidge

Mål:

0-1: Steiring (25.)
0-2: Mandic (53.)

Sogndal:

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)
2. Akeem Latifu
3. Per-Magnus Steiring 
16. Reiss Greenidge
29. Tomas Totland (Rindarøy 78.)
7. Eirik Schulze
8. Eirik Birkelund
10. Stanisa Mandic (Hove 68.)
24. Sixten Jensen
30. Joachim Soltvedt (Kjemhus 90.)
31. Ulrik Fredriksen

Benk: 

12. Kjetil Haug
9. Ulrik Flo
14. Ole Martin Rindarøy
17. Mohamed Fofana
18. Sigurd Haugen
22. Lars Christian Kjemhus
28. Johan Hove

Etter 25 minutt var det frisparkfoten til Soltvedt Sogndal skulle få bruk for. Bergensaren la ein perfekt kårner på bakarste stolpe, der kom Per Magnus Steiring i resolutte klyv og stanga ballen inn.

Slapp med straffe-skrekken

Det gjekk ikkje mange minutt før Sogndal var nære ved å dobla. Eirik Schulze skaut på direkten etter eit fint innlegg frå kanten, men keeperen stod der han skulle.

Sju minutt før pause gjekk ein Notodden-spelar i bakken i feltet til Sogndal. Utifrå TV-bileta var det ikkje lett å sjå om det skulle ha vore straffe, men Sogndal slapp uansett unna med skrekken.

Like etter var Schulze farleg frampå to gongar, først på frispark, så med ei heading på det påfølgande hjørnesparket.

Sogndal gjekk til pause med 1-0-leiing, men det kunne fort ha vore meir.

Mandic dobla på straffe

Sogndal heldt fram å dominera òg i andre. Laget slo truleg fleire pasningar i denne kampen enn i dei fire første til saman.

Drøye fem minutt var spelt då Mandic fekk skyta inne i boksen. Ballen hadde fin retning, men forsvarar Steffen Jenssen fekk kasta seg fram og blokka. Synd for han var det med den venstre handa. Dommaren trakk opp først det gule, så det raude, og Jenssen måtte tusle i garderoben. Mandic sette straffa trygt i mål, hans første i år, det andre sidan han kom til klubben. 

Etter dette roa kampen seg. Sogndal verka nøgde med å trilla ball, medan Notodden ikkje hadde noko som helst å by på. Johan Hove vart kasta innpå, og viste at han er meget sulten på ein plass i startellevaren. Tenåringen gjorde seg konstant spelbar, og viste fram den silkemjuke pasningsfoten kvar gong han fekk sjansen.

Det spørst om trenar Eirik Bakke greier å oversjå den søknaden til neste serierunde.

Mange sjansar vart det derimot ikkje ut av overtaket. Schulze hadde eit halvfarleg skot kvarteret før slutt. To minutt seinare fekk Ulrik Fredriksen sin første sjanse for kampen, men ballen strauk borti stolpen og ut.

Stort meir skjedde det ikkje i kampen, og Sogndal kunne klatra til 5. plass på tabellen.

Til toppen