I VEKST: Held trenden fram vil Sogndal passere 8 000 innbyggjarar allereie neste år. Kommunen er den einaste i Sogn med eit vesentleg overskot i talet nyfødde, samstundes som den har størst nettotilflytting.
I VEKST: Held trenden fram vil Sogndal passere 8 000 innbyggjarar allereie neste år. Kommunen er den einaste i Sogn med eit vesentleg overskot i talet nyfødde, samstundes som den har størst nettotilflytting. (Foto: Arkiv)

Sogndal passerer snart 8 000 innbyggjarar. Sjekk din kommune!

Folketalet aukar mest i Sogndal, medan det går mest tilbake i Lærdal.

TYDELEG TREND: På knappe ti år i ordførarstolen har Jarle Aarvoll sett innbyggjartalet i kommunen auke med over tusen innbyggjarar.
TYDELEG TREND: På knappe ti år i ordførarstolen har Jarle Aarvoll sett innbyggjartalet i kommunen auke med over tusen innbyggjarar.

Sogn: Til no i år har tre fleire sogningar døydd enn det vart fødd nye, men på grunn av tilflytting auka folketalet likevel med 210 personar. Nedst i saka kan du sjekke tabellen som viser tala for kvar kommune.

Sogndal tronar øvst på alle statistikkar. Då Jarle Aarvoll tok over ordførarklubba i 2007 budde det under 7 000 menneske i Sogndal kommune. Held trenden fram vil talet til neste år passere 8 000, om ikkje allereie i år. 

– Utviklinga har vore god over tid og det er positivt, seier ordføraren.

Les også: Alle kommunane i fylket under snittet på effektivitet
Les også: Innvandrarar får fart på folketalet i Sogn og Fjordane

Atten færre lærdøler

På den andre enden av skalaen finn vi Lærdal. Det er den einaste kommunen som går i minus både i fødslar og innflytting. Folketalet minkar mest i Sogn, heile atten færre lærdøler har det blitt til no i år.

OPTIMIST I MOTVIND: Folketalet i Lærdal har minka over lengre tid, men det siste kvartalet gav èin innbyggjar i pluss. Det er nok til at ordførar Jan Geir Solheim ser lyst på framtida.
OPTIMIST I MOTVIND: Folketalet i Lærdal har minka over lengre tid, men det siste kvartalet gav èin innbyggjar i pluss. Det er nok til at ordførar Jan Geir Solheim ser lyst på framtida.

Likevel finn ordførar Jan Geir Solheim trøyst i at tala ser ut til å ha stabilisert seg i tredje kvartal. Då gjekk kommunen èin innbyggjar i pluss.

 – Det ser eg på som eit positivt teikn. No har det snudd, seier han.

Lærdal har hatt nedgang i folketalet lenge. Dei siste fire åra har det vore tilnærma byggjestopp, først på grunn av manglande flaumsonekart, deretter kom storbrannen. No snur endeleg pilene i rett retning, i allefall nokre av dei. Den låge fødselsraten er framleis urovekkjande. 

– Der er vi nede i ein bølgjedal, noko som er litt synd når vi har ein nyopppussa barnehage og ny skule, seier Solheim.

Innvandrarane bergar statistikken

I tredje kvartal var det ingen andre fylke som hadde like høg nettoinnvandring som Sogn og Fjordane. I Sogn har vi ei nettoinnvandring frå utlandet på 251 personar hittil i år.

Det vil seie at vi går i minus både på fødslar og innanlands flytting, men blir berga på statistikken av innvandrarane.

Berre tre kommunar, Sogndal, Luster og Aurland, har eit overskot av nyfødde. Verst står det til i Årdal der seksten færre vart fødd enn dei som fell ifrå.

Jarle Aarvoll fokuserer heller på det positive: at folketalet trass alt veks i Sogn sett under eitt.

– Eg ser no at fem av ni kommunar ligg på fylkessnittet eller over. Det går i retning av at kanskje nokre ting er i ferd i å snu i fleire kommunar. Det er viktig, for vi er gjensidig avhengige av kvarandre, seier sogndalsordføraren.

Her kan du sjekke folketalsutviklinga i din kommune:

Tabellen viser utviklinga frå 1. januar i år til utgangen av 3. kvartal.

Kommune Fødselsoverskot Nettotilflytting Folkeauke Folketal
Sogndal 35 51 86 7 925
Luster  6 50 56 5 149
Leikanger -1 39 38 2 336
Vik -10 38 28 2 717
Aurland 2 23 25 1 789
Balestrand -7 9 2 1 296
Årdal -16 9 -7 5 352
Lærdal -12 -6 -18 2 154
I alt -3 213 210 28 718

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Til toppen