MÅLKALAS: Eirik Schulze (t.v) klinka inn andre målet i kampen mot Levanger, sundag.
MÅLKALAS: Eirik Schulze (t.v) klinka inn andre målet i kampen mot Levanger, sundag. (Foto: Toril Walker Norheim)

Sogndal råsterke mot Levanger: vann 5-1 på Fosshaugane

Målkalas og rå styrke prega kampen mot trønderane.

Sogndal - Levanger 5-1

Sogndal viste rå styrke mot Levanger, og etter 5-1 siger kan sogningane skryta over 10 kampar på rad utan tap. 

Då laga sist braka saman i starten av juni vann Sogndal 2-1 over trønderane, og Sigurd Haugen vart matchvinnar.

Levanger ligg førebels i botn av tabellen med ein 16.plass, medan sogningane ligg på ein 3. plass bak Viking og leiarar Aalesund. Det var nok eit sultent bortelag som gjesta Fosshaugane Campus sundag. 

Sogndal-Levanger: 5-1

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Christian Moen
Arena: Fosshaugane Campus, Sogndal

Mål: 5-1

Sogndal: Haugen (2), Shulze, Wæhler, Soltvedt

Lagopstilling Sogndal

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)

2. Akeem Latifu

4. Kjetil Wæhler

5. Nikita Baranov

14. Ole Martin Rindarøy

7. Eirik Schulze, (Hove, 81) 

8. Eirik Birkelund

24. Sixten Jensen

22. Lars Christian Kjemhus, (Soltvedt, 72)

10. Stanisa Mandic, (Fredriksen, 74)

18. Sigurd Haugen

Jamn 1.omgang

Levanger hang godt med på Fosshaugane Campus i første omgang. Men etter kvart guffa heimelaget opp.

Lars Christian Kjemhus viste styrke, og var tilsynelatande alltid på rett stad til rett tid. 

I 27.minutt heada Sigurd Haugen ballen rett i mål, etter eit vakkert innlegg frå Kjemhus på venstrekanten. 

Rett før dommaren blas av til pause snappa Schulze ballen etter Levanger klarerte forsøk frå Haugen, og skyt ballen rett i mål frå vél 10 meter. 

Sogndal sterke i 2.omgang

Andre omgang starta som den første slutta. Etter vel eitt minutts spel var Kjemhus på rett stad til rett tid og serverte ballen til Kjetil Wæhler som tok ballen på hovudet, og putta han i mål. 

I 64. minutt skårar Haugen sitt andre mål for kvelden, målgivande frå Kjemhus - igjen.

Levanger kom med eit forsøk, men heada to meter over mål. Og som frå intet kom Horenus Taddese og klinka ballen i mål frå 25 meter ti minuttar etter 4-0 målet. Gjestane sitt første og einaste mål for kvelden. 

Vertane var raskt tilbake, og nyinnbytta Joachim Soltvedt klinka inn 5-1 målet i 75.minutt,  som skaut ballen rett i tverrliggaren.

 
Til toppen