PÅ ETTERSKOT: Gilbert Koomson var attende i lagoppstillinga mot Rosenborg, men greidde ikkje å løfte laget som tapte mot Viking sist. Foto: arkiv.
PÅ ETTERSKOT: Gilbert Koomson var attende i lagoppstillinga mot Rosenborg, men greidde ikkje å løfte laget som tapte mot Viking sist. Foto: arkiv.

Sogndal reiste seg etter katastrofestart

Sogndal kjempa seg tilbake etter å ha blitt fullstendig rundspelt av Rosenborg i første omgang. Dermed unngjekk dei audmjuking, men ikkje tap nummer to på rappen.

Rosenborg - Sogndal: 3-1

AVSLUTTAR GODT: Trenar Eirik Bakke er nøgd med måten laget greier å reise seg etter rundspelinga. 
AVSLUTTAR GODT: Trenar Eirik Bakke er nøgd med måten laget greier å reise seg etter rundspelinga. 

Etter elleve kampar utan nederlag har Sogndal no tapt to på rappen. Men resultatet kunne ha blitt langt styggare, viss ikkje bortelaget hadde greidd å snu Rosenborg-dominansen dei første førtifem.

– Det står respekt av måten me løftar oss etter pause. Målet var å vinne andreomgangen og det greidde me, seier trenar Eirik Bakke etter kampen.

Les også: Slik skal Sogndal takle medgangen
Les også: To kanonskot fekk Sogndal ned på jorda

Uheldig Patronen fekk assisten

Sogndal var fullt på høgde i åpningsminutta. Men det var Rosenborg som fekk den første sjansen då Christian Gytkjær skaut i nettveggen frå skrått hald etter ni minutt.

Tre minutt seinare var Sogndal igjen på gyngande grunn. Rosenborg fekk rulla opp via høgrekanten, men Cristophe Psyche stod i vegen då skotet kom frå Vilhjálmsson.

Les også: Kristian (17) er ein av to lokale talent Sogndal vil satse på

Rosenborg trengte ikkje vente lenge før dei fekk uttelling for den gode perioden. Det starta med at Elbasan Rashani lurte av Jukka Raitala på høgrekanten. Hannu Patronen kom susande og sette ein tilsynelatande stoppar for alle skumle planar.

Men diverre gjekk sklitacklinga rett ut til Fredrik Midtsjø, som banka ballen presist ned i høgre hjørne til 1-0. Like etter var Rosenborg nær ved å doble etter ein rein kanonade mot sogndalburet.

Så starta stormløpet

Etter dette verka det som at Sogndal hadde greidd å ro av den verste stormen. Men to gode soloprestasjonar av Thórarinsson og Bakenga knuste den illusjonen og gjorde at sistnemnde kunne pirke inn 2-0 på vakkert vis.

Fem minutt før pause auka Svensson til 3-0. Då dommaren viste laga til garderoben, var det etter ein leksjon i trøndersk angrepsfotball.

JARNMANNEN ATTENDE: Hannu Patronen spelte sin første kamp sidan 4-3 sigeren mot Molde. Denne gongen vart det verken mål eller tre poeng på den oppofrande finnen.
JARNMANNEN ATTENDE: Hannu Patronen spelte sin første kamp sidan 4-3 sigeren mot Molde. Denne gongen vart det verken mål eller tre poeng på den oppofrande finnen.

– Eg føler me vart overkøyrt i periodar i første. Me slapp dei til for lett. Gjer du det mot Rosenborg, så blir du straffa, oppsummerer Bakke. 

Les også: Bakke forlengar med Sogndal​

Etter pause løfta Sogndal seg, samstundes som Rosenborg tok foten litt av gasspedalen. Femtiseks minutt var passert då Furebotn fekk kjempa til seg ballen på venstrekanten. Etter nokre lovande kombinasjonar stod Gilbert Koomson klar til å fyre.

Men skotet enda berre i ei kontring feil veg. Den burde nok Elbasan Rashani fått meir ut av. Men det er nok ikkje akkurat den missen han kjem til å gremmast mest over etter kampen.

Kunne fått straffe

Uansett, Sogndal skal ha for at dei ikkje mista gløden etter å ha blitt køyrt trill rundt i første. Vi veit alle kva som kan skje på Lerkendal når Rosenborg får blod på tann.

Men i store delar av andreomgangen var Sogndal det førande laget.

Heimelaget var likevel langt frå ufarlege. Etter kvart som Sogndal satsa fleire folk framover, opna det seg store rom til å kontre. Men oppofrande forsvarsspel og litt flaks hindra scoringar i mot.

Les også: Han varta opp med fleire feberredningar: –​ No er eg berre sur​

I det 65. minutt gjekk Ramsland ned i feltet etter ein bryteduell. Reprisen viste at dommaren fint kunne ha dømt straffe, sjølv om Ramsland nok hadde stått på beina om det stod om livet.

– Straffe får me vel aldri i Tippeligaen. Me har ikkje fått det på to-tre år, så då var ikkje sjansane store for at me skulle få det no heller. Men straffen var soleklar, seier Bakke. 

Vart med ei redusering

Fem minutt seinare fann Furebotn fram langpasningsfoten. Ballen dala ned til Gilbert Koomson som etter eit halvslurvete mottak fekk vippa den forbi ein rusande back. Det lave innlegget traff Ramsland, man han vart hindra i det han skulle skyte.

Då var Koomson langt heldigare med valet av mottakar på neste innlegg. Ein ufarleg chip traff Jonas Svensson i koma på bakerste stolpe. Uheldigvis vakna teknikaren akkurat tidsnok til å styre ballen forbi eigen keeper på delikat vis.

På overtid fekk Rosenborg ein gigasjanse av dei sjeldne. Men på ope mål traff ikkje Rashani anna enn reklameskilta. Men det skal han ha, det var ein følsam lobb. Det var det siste som skjedde og Sogndal står dermed med to tap på rad etter å ha gått utan tap i elleve kampar.

Eirik Bakke ergrar seg over måten dei gav frå seg kampen i første.

– Når me vann ballen, så gav me han vekk for lett. Då blir det tungt å springa på denne bana. I andre var me langt betre på det. Me legg oss ikkje bakpå, men torer å spele vårt spel på Lerkendal. Sjølv om det ikkje vart poeng, så er det viktig å ta med seg vidare, seier han. 

Til toppen