I SKOTET: Sigurd Haugen skaut og skaut, men traff på lite denne laurdagen. Då lukkast han betre som servitør.
I SKOTET: Sigurd Haugen skaut og skaut, men traff på lite denne laurdagen. Då lukkast han betre som servitør. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal reiste seg meisterleg etter heilsvart start

Sogndal låg under to gongar, men henta heim tre etterlengta poeng.

Sogndal-KFUM: 4-2 (0-1)

Då Martin Ramsland kom innpå låg Sogndal under 0-1. Ein omgang seinare var stillinga 4-2, etter to mål og ein målgjevande av sørlendingen.

– Då eg fekk beskjed om å ta på meg drakta, så var det berre å prøva å setta så mykje preg på kampen som eg kunne, seier Ramsland.

Og gjett om han gjorde.

Spelte utan sjølvtillit

Men før me kom så langt, skulle det spelast ein heller nitrist førsteomgang.

Fem minutt tok det før Sogndal låg under. Toppskåraren i divisjonen, Lars Olden Larsen, fekk forsera fritt, og skotet plasserte han fin-fint i krysset.

Resten av omgangen vart prega av eit bortelag som trilla ball, og eit heimelag som prøvde å gje han vekk raskast mogleg dei få gongane dei fekk låna han.

Sogndal-spelarane verka prega av den dårlege sesongstarten, og fleire av dei såg ut til å ha gløymt att både sjølvtillit og speleglede i garderoben.  

– Me har hatt ein laber poengfangst og mange dårlege prestasjonar. Uansett kva folk seier, så påverkar slikt deg. Gode prestasjonar gir deg sjølvtillit, og dårlege prestasjonar skapar usikkerheit, og folk er ikkje heilt trygge på seg sjølv, stadfester Ramsland.

Vakna etter pause

I pausen gjorde Sogndal to bytte. Inn kom nemnde Ramsland og mannen med venstrefoten, Joachim Soltvedt. Etter forvandlinga i spelet å døma skulle ein tru at heile laget var nykomponert.

Omgangen var knapt byrja då Alioune Ndour vart spelt åleine gjennom. Diverre øydelagde eit langt førstetouch for ei skikkeleg avslutning. Haugen fyrte av på halvspretten like etter, men skotet gjekk over.

På det tredje forsøket sat endeleg utlikninga. Ole Martin Rindarøy skaut frå distanse, via ein keeperhanske, kunstgraset, den høgre stanga oppe ved krysset, og i mål. Gleda varte ikkje lenge, for eit minutt eller tre seinare vart Olden Larsen tomålsskårar då han stussa ballen forbi keeper Mathias Dyngeland.

Ti minutt var gått då Sogndal utlikna for andre gong. Alioune Ndour dribla seg flott fri på høgrekanten, innlegget var perfekt og framfor mål kom Martin Ramsland stormande. Sørlendingen duellerte ballen i mål til 2-2.

Endeleg noko å jubla av

Tjue minutt seinare gjengjelde Ramsland tenesta då han spelte Ndour fri i straffefeltet. Toppskåraren til Sogndal drog med seg ballen på den første berøringa, og sette ballen kontrollert i hjørnet med det neste.

– Eitt mål, ein målgjevande pasning og tre poeng til laget. Eg er sjølvsagt veldig nøgd, seier Ndour i intervjusona etterpå.

Mot KFUM fekk han for første gong i år spela frå start. Likevel står han med fem mål etter seks kampar. Utan signeringa frå Florø kunne sesongstarten fort ha vore enno magrare.

– Sjølv om starten ikkje har vore den beste, så er målet framleis å rykka opp. No må me berre jobba hardt framover, så får me sjå kor det endar til slutt, seier Ndour.

På overtid fastsette Martin Ramsland stillinga til 4-2, hans andre for dagen.

Ein siger som kosta

Sigeren er berre den andre på sju kampar i seriestarten, men nok til at det i det minste er lov å drøyma om kvalikplass. Slikt gjer godt etter ein trøblete start.

– No slår me eit nyopprykka lag på heimebane, så me skal ikkje ta heilt av. Men når kampen blir som han blir, og me ligg under, så skal me sjølvsagt vera nøgde med tre poeng. Det er mykje meir positivt å ta med seg, enn i dei siste kampane, seier tomålsskårar Ramsland.

At dei tre poenga hadde kosta var lett å sjå då fløyta gjekk, og halve laget velta overende på grasmatta.

– Me har spelt tre kampar på sju dagar, alle borte, og bar nok litt preg av det. Belastninga har vore enorm på desse gutta, og då er det imponerande at dei har krefter igjen til å vinna kampen på slutten. Det viser ein enorm moral, seier trenar Eirik Bakke.

Til toppen