TANNLAUSE: Med unnatak av innsatsen luktar det ikkje akkurat svidd av Martin Ramsland eller dei andre spissane til Sogndal om dagen.
TANNLAUSE: Med unnatak av innsatsen luktar det ikkje akkurat svidd av Martin Ramsland eller dei andre spissane til Sogndal om dagen.

Sogndal reiv og sleit til ingen nytte: – Skuffande​​

Sogndal-Tromsø: 0-0

Dei som hadde håpa på at Sogndal skulle køyre reprise av helgas nedsabling av Aalesund, måtte gå skuffa heim frå Fosshaugane i kveld. Sogndal var best i sjansar og spel, utan å få uttelling mot eit skadeprega og defensivt tromsølag.

Spissane verka på langt nær i toppform, men trenar Eirik Bakke meiner heile laget må dele ansvaret for den dårlege uttellinga.

– Det vart litt planlaust i andre omgang. Eg likar ikkje heilt at me ikkje greidde å få meir trøkk på Tromsø. Det var skuffande, seier han.

FRISK: Gilbert Koomson var igjen god på høgrekanten for Sogndal. Dei største sjansane greidde verken han eller laget å skape, men nok til at Sogndal var mest skuffa over to tapte poeng.
FRISK: Gilbert Koomson var igjen god på høgrekanten for Sogndal. Dei største sjansane greidde verken han eller laget å skape, men nok til at Sogndal var mest skuffa over to tapte poeng.

Sjokkopning av Tromsø

Det var gjestene Tromsø som starta best. Allereie i det femte minuttet small det i tverrliggaren for andre gong. Returen vart sett i mål, men dommaren bles frispark til Sogndal i staden for å peike på midtstreken. 

Etter pangopninga til Tromsø var det Sogndal som tok over. Heimelaget fekk styre spelet og på høgresida var Gilbert Koomson like kvikk som vi har blitt vande med å sjå han til no i sesongen.

Det var likevel Mahatma Otoo som fekk den første sjansen, då han dundra avgarde eit skot frå distanse. Ballen hadde både riktig retning og ein god dupp, men strauk akkurat over tverrliggaren ved høgre kryss.

SÅ NÆRE: Otoo får skikkeleg treff på ballen, men marginane er ikkje med verken han eller dei andre spissane om dagen. 
SÅ NÆRE: Otoo får skikkeleg treff på ballen, men marginane er ikkje med verken han eller dei andre spissane om dagen. 

– Det er veldig frustrerande å spele mot eit lag som ligg så lavt, det er ikkje lett for oss spissane å finne rom. Difor prøvde eg å skyte frå distanse. På ein god dag hadde det blitt eit fantastisk mål, men ikkje i dag, seier Otoo etter kampen.

Spissen har vore ein målgarantist omtrent sidan han kom til Sogndal. Men i det siste har han slitt med både manglande speletid og  manglande nettkjenning. Utan at det stressar ghanesaren.

– Dette er noko som kan skje alle spissar. Det avgjerande er kor mentalt tøff du er. Eg kjem berre til å halde fram med å kjempe, så kjem måla forhåpentlegvis etter kvart, seier Otoo.

Lynvingen herja igjen

Tjue minutt ut i kampen var Koomson igjen i driblehumør. I full fart, men med eit steg så florlett at det mest såg ut som spasertempo, dansa han seg gjennom heile tromsøforsvaret. Men skotet frå ti meter vart for svakt og keeper Kongshavn vart aldri sett på prøve.

Minuttet etter var Koomson servitør då Ole Amund Sveen vart spelt fri på bakre stolpe. Han fekk vippa ballen forbi Kongshavn, men skotet vart stoppa av ein lite samarbeidsvillig stolpe. 

Etter ein god periode dabba Koomson av og dermed òg Sogndal. Dermed gjekk laga til pause med 0-0. 

Etter kampen er trenar Eirik Bakke ikkje heilt nøgd med måten laget utnytta det kaoset som Koomson i periodar skapte. 

– Vi jobbar mykje med å sette han opp i situasjonar der han kan vere god. Men i dag hadde vi ikkje nok trykk i boksen. Midtstopparane til Tromsø var foran oss på det meste, seier Bakke.

NÆRE PÅ: Ole Amund Sveen kom til Sogndals største sjanse då han skaut ballen i stolpen etter 23 minutt av kampen. 
NÆRE PÅ: Ole Amund Sveen kom til Sogndals største sjanse då han skaut ballen i stolpen etter 23 minutt av kampen. 

Sogndal best ut etter pause

Andre omgang byrja med eit nytt Koomson-raid på høgresida. Men med fri sikt mot mål valde han å ta ei ekstra finte. Under hardt press fekk han skubba frå seg ein upresis pasning som Ramsland aldri fekk foten på.

Etter 63 minutt gjorde Sogndal eit dobbeltbyte. Kjemhus kom inn for Otoo, medan Birkelund tok plassen til Bolseth på midten. Det gav nesten uttelling på direkten. Kjemhus vart spelt fri på venstre, av ingen ringare enn Gilbert Koomson, skotet gjekk mot krysset, men keeper fekk fista ballen til hjørnespark.

Det vart meir fart i spelet no og like etter kom Sveen på skothald. Heller ikkje han hadde finstilt siktet og dermed enda ballen nokre meter utanfor mål.

Mista midtbaneankeret  

I det 70. minutt vart Babacar Sarr liggjande nede medan han heldt seg for ankelen. Skaden var såpass alvorleg at han måtte gje seg. Bakke måtte dermed ty til eit siste byte.

Valet fell dristig nok på ein spiss, Kristian Fardal Opseth vart sett inn på topp, medan Sveen tok plass sentralt på midten.

Etter dette jamna kampen seg noko ut att.

I 82. minutt kjente innbytar Opseth lukta av blod då han fekk vende opp utanfor sekstenmeteren. Skotet vart diverre blokka og kaupingen vart nekta sitt første eliteseriemål. Like etter gjekk Ramsland over ende i sekstenmeteren, men ropa etter straffe vart blankt avvist av dommar Svein Oddvar Moen.

Minuttet før slutt var Bjørn Inge Utvik høgast på ein corner. Han sette pannebrasken til frå knappe fem meter, men ballen gjekk like over. Med det var det slutt og ei ny poengdeling for Sogndal. 

Som har ein jobb å gjere skal dei få spissane i målform. 

 

Til toppen