KOLLAPS: Sogndal kollapsa på Color Line Stadion. (Foto frå heimekamp mot Raufoss).
KOLLAPS: Sogndal kollapsa på Color Line Stadion. (Foto frå heimekamp mot Raufoss). (Foto: Jostein Stenehjem)

Sogndal rota vekk alle tre poenga i Aalesund

I kampen Sogndal måtte ha poeng i, mista Sogndal alle tre poenga på overtid.

Aalesund-Sogndal 3-1

I kampen Sogndal «måtte» få med seg poeng starta Eirik Bakke kampen veldig defensivt med ein 5-4-1-formasjon.

Likevel klarte eit hardtjobbande Sogndal klarte fortsatt å produsera mange moglegheiter og leia 1-0 heilt til det sto 88 minutt på klokka, då tok det Aalesund fem minutt å skåra tre mål.

Straffemiss

Sogndal fekk sjanse frå 11-meteren etter 15 minutt, men Ole Amund Sveen skaut ballen rett i hanskane på Aalesundkeeper Oddbjørn Lie etter at Jonas Grønner takla Eirik Schulze i bakken på hjørnet av 16-meteren.

I det 24. min fekk  Aalesundspiss Torbjørn Agdestein sjansen frå 10 meter, men Sogndal forsvararane fekk avverga etter eit dårleg touch. 

Tidleg scoring

Etter berre 7 minuttar av 2. omgang spelt plukka Martin Ramsland opp tilbakespelsforsøket til Jonas Grønner og ga Eirik Schulze sjansen på ope mål, Schulze satt den rett i kassen og Sognal leda 1-2 etter 52 minuttar spelt.

Sogndal fortsatte å produsera

Sogndal fortsatte, og i det 65. minuttet sendte Martin Ramsland ballen i nettet etter ein strålande avslutning, dessverre for Sogndal sin del vart det vinka for offside.

I det 71. minuttet fekk Martin Ramsland muligheita til å sette inn 2-0 etter eit fantastisk innlegg av Sivert Mannsverk, men presterte å bomme på ballen frå 5 meter.

Sogndal fortsette å pressa og etter 77 minutt plukka Sogndal spelarane opp ein forferdelig klarering av Aalesundkeeper Lie, men han kunne pusta letta ut etter at Schulze sendte ballen over mål frå 20 meter.

Kollaps i sluttminuttane

 Aalesund fekk plutselig moglegheita på frispark og i det 82. minutt skaut Fridjonsson ballen i stanga frå snaue meteren, men Sogndal-spelarane kunne pusta letta ut.

Heilt ut av ingenting heada Thrandarsson inn 1-1 for Aalesund etter ein nydelig avslutning frå 16 meter der ballen fór ei flott boge over Dyngeland i Sogndal-buret.

I det 90. minutt fekk Aalesund spelar Castro stå heilt aleine og sette enkelt inn 2-1 og på to minutt vart kampen snudd etter ein dårleg klarering av nysigneringa Roseth.

Når dommar snart skulle til å blåse sluttsignalet kontra Aalesund og Steiring vart finta vekk før han sendte Fridjonsson i bakken, men skal seiast at det var ein veldig billig straffe. Frå straffemerket var islendingen sikker og satt ballen midt i mål.

Til toppen