JUBEL: Babacar Sarr jublar for 1-0 mot Rosenborg etter berre ni minutt. Sogndal held fram med storspelet til det stod att berre tjue minutt av kampen.
JUBEL: Babacar Sarr jublar for 1-0 mot Rosenborg etter berre ni minutt. Sogndal held fram med storspelet til det stod att berre tjue minutt av kampen.

Sogndal rysta serieleiaren: – Me hadde dei i sjakk før utvisinga

Sogndal - Rosenborg: 1-1

Både spelarar og publikum jubla for eitt poeng etter ein dramatisk batalje mot Rosenborg. Og det etter at Sogndal hadde rundspelt serieleiaren i store delar av kampen. 

– Det er slik eg har lyst me skal framstå, eit lag som ikkje er redd for å gå i strupen på folk. Me møter Rosenborg på sitt beste, men dei sleit voldsomt med å finna ut av kva dei skulle gjera. Det lovar bra for fortsettelsen, berre synd det ikkje vart tre poeng, seier trenar Eirik Bakke. 

I FARTA: Gilbert Koomson skapte trøbbel for Rosenborg gjennom heile kampen.
I FARTA: Gilbert Koomson skapte trøbbel for Rosenborg gjennom heile kampen.

Toppscorarane var benka

Fleire tilskodarar heva nok på augnebryna då dei fekk sjå dei elleve Bakke hadde plukka ut til å starte mot serieleiar Rosenborg.

På benken sat fjorårets to toppscorarar Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo. Der sat òg kaptein Rune Bolseth, som nok trengde kvile etter ein tøff cupkamp midt i veka.

PLANEN KLAR: Eirik Bakke valde å prioritere løpskraft i startellevaren mot Rosenborg. Det rysta serieleiaren.
PLANEN KLAR: Eirik Bakke valde å prioritere løpskraft i startellevaren mot Rosenborg. Det rysta serieleiaren.

Det gav rom til ein eliteseriedebutant. Den 19 år gamle dansken Magnus Pedersen fekk sjansen på høgreback. På midten starta Eirik Birkelund for andre gong på rad etter å ha slite benken dei første kampane. Midtbanespelar Ole Amund Sveen var blitt til spiss i eit forsøk på å stresse ein balltrillande motstandar.

– Når du møter Rosenborg er du nøydd til å ha enormt med løpskraft. Difor valde eg å flytta fram Ole Amund for å få til eit skikkeleg førstepress i lag med Martin. Det fungerte, seier Bakke. 

Uttellinga kom på direkten. Ikkje meir enn ni minutt hadde gått då Sarr var sist på eit innlegg frå Koomson. Sjølv om ballen gjekk via ein rosenborgspelar, var det nok til å sørge for 1-0.

– Me overraska Rosenborg i dag. Dei hadde ikkje forventa det dei fekk. Me viste kva me kan få til med hardt arbeid, seier Babacar Sarr etter kampen.

Rysta serieleiaren

Heile den første omgangen sleit Rosenborg med å kome til sjansar. Eit hardtarbeidande Sogndal sørga for at motstandarane fekk lite tid med ballen. Sogndal derimot spelte med ein ro og ein sjølvtillit du ikkje skulle forvente av eit lag som har tapt tre på rad i serien. 

Apropos sjølvtillit. I det 42. minutt viste Gilbert Koomson korleis det ser ut når den er på plass, ispedd ein god dose fart og teknikk. Ute til høgre, midt på bana og med ryggen mot mål, tok vingen ned ein vanskeleg ball frå midstoppar Patronen. Ein rusande De Lanlay vart gjort til rundingsbøyge med ein lekker piruett før Koomson sette fart mot mål.  Ingen torde å støte før han var godt inne i Rosenborg sin sekstenmeter. Skotet hadde retning mot lengste stolpe, men vart avverga i siste liten av midstoppar Eyjolfsson.

– Trenaren forventa at me skulle gje alt i dag. Eg tenkte at eg måtte heva spelet mitt, pressa på, skapa rørsler og vera sjølvsikker med ballen. Det gjorde at eg fekk til ein god kamp i dag, seier Koomson.

Trenar Bakke er full av lovord om prestasjonen.

– Det seier sitt når dei byter ut Skjelvik etter førsteomgang. Han er ein fantastisk spelar. Eg ventar berre på at han skal setta den scoringa, få til den siste pasningen, for han er ein type spelar som kan gjera ting på eigenhand, seier Bakke.

Då dommaren bles til pause vart dei svarte og kvite ledsaga av trampeklapp inn i garderoben.

TØFFE DUELLAR: Eirik Birkeland er ein av mange spelarar som la att mykje svette på bana. I tillegg viste Sogndal at dei kan å trille ball mot eitt av dei beste laga i eliteserien.
TØFFE DUELLAR: Eirik Birkeland er ein av mange spelarar som la att mykje svette på bana. I tillegg viste Sogndal at dei kan å trille ball mot eitt av dei beste laga i eliteserien.

Avgjerande utvising

Rosenborg gjorde to byter i pausen og kampen jamna seg noko ut. Likevel var Sogndal friskast. I det 55. minutt fossa Koomson på ny opp høgresida. Denne gongen vende han inn att i bana. Ballen vart lagt tilbake til Birkeland som skaut like over. 

Minuttet seinare var Koomson igjen sentral i oppbygginga av spelet då Kjemhus fekk skyte frå 17-18 meter. Ballen gjekk ikkje i mål denne gongen heller, men i denne perioden verka Rosenborg rysta. Ikkje meir enn minuttet etter kombinerte Ramsland og Sveen på sambavis, men den avgjerande pasningen vart upresis. 

Så kom kalddusjen for Sogndal. Tjue minutt før slutt kom Hannu Patronen susande for seint inn i ei tackling ute ved cornerflagget. Det var aldri stygt, men med gult kort frå før var det rett i dusjen. Den finske hardhausen kunne gå med på det andre gule kortet, men tykte det første var strengt.

– Det burde vera lov å spela litt tøffare i Tippeligaen. Det er ikkje damefotball, seier Patronen og oppdagar litt for seint at det utsagnet kanskje ikkje var heilt politisk korrekt.

Uansett, etter dette endra kampen seg fullstendig.

Rosenborg med voldsom sluttspurt

Tre minutt etter utvisinga var alt Sogndal hadde kjempa seg til tapt med eit hovudstøyt signert Anders Konradsen. Etter dette heldt Rosenborg fram med å presse på og skape sjansar.

– Me visste det vart tøft med ti mann. Me hadde dei i sjakk før utvisinga, men derifrå handla det om å få eitt poeng, seier Bakke.

Rutinerte Rune Bolseth vart kasta inn for å samle troppane det siste kvarteret. Men Rosenborg svarte med å barrikadere sekstenmeteren til Sogndal fullstendig. Det eine skotet etter det andre vart blokkert i siste liten av heroiske og noko heldige sogndalspelarar. 

Den totale dominansen varte til det stod att to minuttar på klokka. Sogndal fekk mobilisert til ein siste sluttspurt. Sarr var faktisk nære på å bli tomålsscorar etter ein låg cornervariant frå Bolseth. 

Likevel var det Mike Jensen som fekk æra av å ha kampens siste sjanse då han bles ein retur over frå tolv meter. Dermed var eitt poeng sikra til begge laga, eit resultat Rosenborg har mest grunn til å vere nøgde med.

– Me har mental styrke i laget og veit kor gode me er. Me har gjort mange gode kampar, sett bort frå den mot Brann, og det er berre små marginar som gjer at det ikkje blir meir poeng. Dette blir bra viss me greier å læra av dei feila me har gjort til no, seier Hannu Patronen. 

Til toppen