FIN UTSIKT: Ylvisåker frå Stedjeåsen i Sogndal, ein tur merka med fargekode raud.
FIN UTSIKT: Ylvisåker frå Stedjeåsen i Sogndal, ein tur merka med fargekode raud. (Foto: Reni Herland)

Dette skal vere dei mest populære turpostane i Sogndal

Me er inne i ei fin tid for å gå på tur, og i Sogndal er endeleg turheftet klart.

Sogndal: – Me har hatt heftet i mange år, og me veit at folk ventar på det. I år har me vore litt treige, men no er det klart. Me håpar at folk skal bli klar over at dei kan få tak i det og at det er lett tilgjengeleg, seier Reni Herland, kontaktperson for turpostane.

Alt frå enkle gåturar til krevjande fjellturar

Nokre av turane kan du gå, andre kan du sykle, og nokre eignar seg godt for dei som ynskjer litt ekstra trening. 

– Turane passar godt for både born og vaksne. Dei er graderte med fargekodar etter kor krevjande turen er. Grøn er for alle, medan svart er for erfarne turfolk, seier Herland. 

Desse turane finn du i turpostheftet i 2018: 

  • Stedjeberget
  • Flot
  • Olavskjelda 
  • Sauradn
  • Lem/Drogi
  • Eide/badeplass
  • Laugi
  • Bjellastølen
  • Jeiskedalen
  • Stedjeåsen
  • Nuken
  • Slakkafjell/Svartaberg
  • Togga
  • Grøssete
  • Navarsetestølen
  • Tylderingen
  • Imesdal
  • Hesteggi
  • Helgasete
  • Solvornnipa/Vardafjell

Stedjeåsen er mest populær 

Av desse turane er det éin klar favoritt blant turgåarar. 

STEDJEÅSEN: 291 meter vekke frå postkassen på Stedjeåsen møter ei flott utsikt deg. Foto: Reni Herland

– Stedjeåsen er mest populær, men mange av dei som går der, brukar nok turen som ei treningsøkt. Ellers er Nuken veldig populær, og så er det mange som joggar til Stedjeberget utan å kjøpe turhefte eller skrive seg i boka, seier Herland. 

– Alle turane ligg i Sogndal sentrum og nærområdet. Startpunktet er merka med namn på posten, og undervegs føl du raude prikkar. Posten består av ein postkasse med klyppetang, og namnebok og enkelte turar har rasteplass undervegs.

Skildring av turane er både i turheftet og på appen til UT.no. Når sesongen er omme, kan turgåarar hente premie om dei leverer inn ferdig utfylde deltakarbøker. 

Fint at alle går på tur med eller utan turhefte 

Ho peikar på at ein ikkje treng å kjøpe turhefte og at mange går på tur utan òg. 

– Stiane er merka godt, så kven som helst kan finne fram. Det er jo eitt av måla vore òg, at flest mogleg skal koma seg ut uavhengig av turhefte eller ikkje. 

Til toppen