FYLKESDUELL: Årdølen Truls Hovland (t.h., i Florø-drakt) i duell med ein Sogndal-spelar på Florø stadion i fjorårets cupduell, der Florø gjekk vidare til neste runde etter siger 2-1. Foto: Arne Stubhaug/NRK.
FYLKESDUELL: Årdølen Truls Hovland (t.h., i Florø-drakt) i duell med ein Sogndal-spelar på Florø stadion i fjorårets cupduell, der Florø gjekk vidare til neste runde etter siger 2-1. Foto: Arne Stubhaug/NRK. (Arne Stubhaug/NRK)

Sogndal årsdebuterer mot Florø i Sognahallen 

Av dei seks treningskampane som Sogndal fotball hittil har fått planlagt, vil to kampar vera mot fylkeskollega Florø i Sognahallen. 

Sogndal: Nedrykk er sjeldan kjekt i toppfotballen. Men eit aspekt ved nedrykket til Sogndal som kan gleda mange både i saftbygda og langs sunnfjordskysten, er lokaldystane mellom dei kvitkledde og dei blåkledde.

Og ikkje berre skal Sogndal møta Florø heime og borte i OBOS-ligaen i år. No er det òg klart at det vert to kampar mellom fylkesrivalane i sesongoppkøyringa, begge i Sognahallen. Det skriv Sogndal fotball på heimesida si.

PÅ FERIE NO, MEN TILBAKE I HALLEN DEN 16. JANUAR: Berre fire dagar etter at Sogndal-spelarane kjem attende hit til Sognahallen på trening, skal dei ta i mot Florø i årets fyrste dyst.  Rune Sjøberg, Sogndal fotball

Sesongdebuten mot Florø vert 20. januar, berre fire dagar etter at spelarane har hatt  fyrste treningsøkt etter nyttårsferien. Den andre vinterdysten mellom rivalane går av stabelen 23. februar. 

Berre heimekampar fram til april

Hittil har Sogndal offentleggjort seks treningskampar som dei skal spela i Noreg i sesongoppkøyringa. Alle  kampane skal spelast i Sognahallen. Det vert lokale motstandarar i Hødd, Brann og Åsane. I tillegg kjem Lillestrøm på besøk før bær og frukt har mogna i saftbygda.

Kampen mot Brann vert tredje mars. Oppgjeret mot OBOS-kollega Åsane den 26. mars vert sjølve generalprøva. Seriestarten vert åtte dagar etter det, borte mot Aalesund. 

Fer til Spania to gonger

To gonger i vinter og vår skal Sogndal-spelarane sørover og opphalda seg i varmen ei tid. I februar fer dei til Gran Canaria, medan det ber til det spanske fastlandet og Malaga i mars. Kven laget skal møta i treningskampane i Spania er førebels ikkje kjent. 

Til toppen