TOK LEIINGA: Sogndal gav gjestane Aalesund ein kald dusj, då dei tok leiinga etter eitt minutt. Bilete frå Sogndal - Viking i september.
TOK LEIINGA: Sogndal gav gjestane Aalesund ein kald dusj, då dei tok leiinga etter eitt minutt. Bilete frå Sogndal - Viking i september. (Foto: Steffen Starheim / Arkiv )

Sogndal sigra over Aalesund på Fosshaugane, tok leiinga etter 48 sekund

Eirik Birkelund let ikkje venta på seg, og putta like greit ballen i mål etter 48 sekundar.

Sogndal - Aalesund 1-0

Mykje stod på spel for begge laga då da det braka laust på Fosshaugane Campus, sundag. 

Heimelaget fekk ein pangstart då Eirik Birkelund knalla ballen i mål etter 48 sekundar. Sogndal gjekk ut av kampen med eit like stort smell, då nyinnbytta Akor Jerome Adams knuste inn 2-0.

Aalesund ligg på 2. plass på tabellen i Obos-ligaen og må aller helst vinna dersom dei skal sikra seg plassen som topp to. Sogndal, no på fjerdeplass, må vinna for å halda plassen til kvaliken. 

Sjølv om vi er tidlig i kampen kan det jo fort gå mot ein avgjerande kvalikkamp mellom desse laga om dei skulle ende som nr tre og fire på tabellen.

Heimelaget to tidleg leiinga 

Første omgangen braka laust med mål til heimelaget, då Eirik Birkelund etter eitt minutt speletid, klinka ballen i mål frå 16 meteren. 

Aalesund låg på bakbeina dei første ti minutta. Ballen vart hensynslaust trilla fram og tilbake før han blei sleiva av gårde opp i feltet, utan noko meining. 

Etter 10 minutt fekk Sogndal sjansen til å dobla leiinga då Sigurd Haugen dunka ballen i nn i feltet og traff Eirik Schulze som skaut rett utanfor nettet.

Aalesund vakna litt ut i første omgang, og hadde ballen mest. Derimot var Sogndal farlege når dei rykka fram. Gjestane fekk si første avslutning etter 20. minutt, men treff rett på heimekeeper Dyngeland, som speler sin 100. kamp for klubben. 

Sogndal farlege i 2.omgang

I starten kvina laga om kven som skal ha førersetet. Aalesund hadde ballen mykje, men fekk ikkje avslutta, takka vera høgt trykk frå heimelaget. 

Halvvegs i andre omgang er det vanskeleg å seie kven som styrte kampen. Sogndal har lagt seg litt bakpå, men Aalesund klarte ikkje å plukka opp kreftene framfor mål. 

Det mangla ikkje på intensitet i kampen, men det skjedde lite framfor mål. Bortespelar Gueye skapte ein stor sjanse så han spelte seg forbi Sogndal-forsvaret, men det var ingen oransjekledde til å ta i mot. 

Det strama seg til i sluttminuttane. Haugen hadde to elleville sjansar, men rauk på offside. Etter 81 spelte minutt sette han ballen i mål, men dommaren var oppe med flagget.

Etter 85. minutt gjekk Bjørn Helge Riise ut, og Joachim Soltvedt kom rett inn å knuste ballen i retning mål, og skaut to meter over. 

I 92. minutt gjekk Sigurd Haugen av bana og Akor Jerome Adams kom inn. To minutt seinare sto stillinga 2-0. Adams slo spikeren i kista for gjestane. 

Til toppen