TAM START: Sogndal var ein skugge av seg sjølve i første omgang. I andre skåra dei målet som kan bli avgjerande i kampen for å berga plassen.
Video

Sogndal sikra nesten eit perfekt utgangspunkt før bortemøtet

Ranheim var lenge det beste laget, men Sogndal skåra det einaste målet på Fosshaugane.

Sogndal-Ranheim: 1-0 (0-0)

Spelet var ikkje all verda, men Sogndal gjorde jobben mot Ranheim.

– Me heldt nullen og veit at me er gode til å forsvara eigen sekstenmeter. Så me har skaffa oss eit godt utgangspunkt, seier Ole Martin Rindarøy, kampens einaste målskårar.

(Artikkelen held fram under biletet)

HELTEN: Som mot Vålerenga skåra Ole Martin Rindarøy opningsmålet. Mot Ranheim vart det òg det einaste i kampen.
HELTEN: Som mot Vålerenga skåra Ole Martin Rindarøy opningsmålet. Mot Ranheim vart det òg det einaste i kampen. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Venstrebacken vart helten

Førsteomgang var noko av det svakaste Sogndal har prestert på heimebane denne sesongen. Ranheim styrte det meste, medan heimelaget knapt fekk låna ballen.

Sogndal-Ranheim: 1-0

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Tom Harald Hagen (Grue IL)

Målscorarar, Sogndal: Rindarøy (52.)
Gule kort, Sogndal: Teniste, Nwakali.

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
2. Taijo Teniste
15. Per-Magnus Steiring
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
4. Chidiebere Nwakali 
10. Gilbert Koomson
14. Ole Martin Rindarøy 
27. Eirik Birkelund
11. Martin Ramsland
18. Bendik Bye (Mandic 79.)

Begge laga hadde få sjansar, men dei som kom var det trøndarane som stod for.

– Det har vore eit stort press på spelarane og eg følte Ranheim tok kontroll frå første stund. Me var solide i det me gjorde, men det gnistra ikkje av oss slik det gjorde på søndag. Me må finna litt tilbake til det inn mot helga

Sju minutt ut i andreomgang kom den forløysande skåringa. Sogndal rulla opp på kanten, Ramsland storma inn i feltet og fann Ole Martin Rindarøy åleine på bakerste stolpe.

Han gjorde som mot Vålerenga og styrte Sogndal trygt i føringa.

– Eg følte at eg fekk eit dårleg touch, men eg veit eg er god til å skyta, så eg sette han fint i hjørnet. Heldigvis gjekk ballen gjennom beina på ranheimspelaren, seier Rindarøy.

Bakke: – Me må mobilisera skikkeleg

Heimelaget heldt fram å ta få sjansar framover. Lysta var tydelegvis lita til å sleppa inn eit bortemål. Bakke seier det ikkje var planen frå starten, men eit resultat av korleis kampen utvikla seg seg.

– Når me først fekk 1-0 og følte at ikkje alt stemde, så var det betre å låsa att bak og få med oss sigeren. Eg følte at me var nøydde til å halda nullen for å vinna i dag og det viste seg å stemma, seier Bakke.

NØGD: Trenar Eirik Bakke var nøgd med å halda nullen og få med seg sigeren før bortemøtet på laurdag.
NØGD: Trenar Eirik Bakke var nøgd med å halda nullen og få med seg sigeren før bortemøtet på laurdag. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Med tjue minutt igjen på klokka holdt det på å smella feil veg. Eit frispark landa rett på ein ranheimspelar, som ikkje klarte å få skikkeleg klem på avslutninga.

Det var òg det einaste bortelaget klarte å skapa. Då det stod att ti minutt byrja dei å skapa eit visst trykk på banehalvdelen til Sogndal, utan at det nokon gong var skikkeleg farleg.

Med 1-0 har Sogndal dermed eit godt utgangspunkt før bortemøtet på laurdag.

– På ein dag der ikkje alt fungerte, så greidde må å setta oss sjølve i førarsetet før bortemøtet. Det blir ein tøff kamp mot Ranheim, så der må me mobilisera skikkeleg, seier Bakke.

Til toppen