I SKOTET: Med skåringa mot Sandefjord har Martin Ramsland tangert fjorårets målfangst allereie før serien er halvspelt.
I SKOTET: Med skåringa mot Sandefjord har Martin Ramsland tangert fjorårets målfangst allereie før serien er halvspelt.

Sogndal sikra sigeren seks minutt på overtid

Ein heil omgang sleit Sogndal med å skape noko som helst mot eit Sandefjord redusert til ti mann. Så dukka superinnbyttar Bendik Bye opp.

Sogndal-Sandefjord: 3-2

Den satt langt inne, men då dei fleste for lengst hadde gitt opp håpet henta Bendik Bye fram prikkskytaren i seg.

Sjå scoringane i videovindauget øvst i artikkelen.

– Det blir ikkje så mykje betre, seier overtidshelten etter å ha avgjort kampen omtrent då stadionlysa var i ferd med å bli slått av.

Les også: Sandefjord leverer inn protest etter overtidsdramaet

AVGJORDE: Han har fått begrensa med speletid, men Bendik Bye viste igjen mot Sandefjord at han kan vere ein farlig joker frå benken.
AVGJORDE: Han har fått begrensa med speletid, men Bendik Bye viste igjen mot Sandefjord at han kan vere ein farlig joker frå benken.

Høgdramatisk før pause

Bortelaget Sandefjord var det førande laget i ein førsteomgang prega av fleire tabbar. Først ut var Mathias Dyngeland som var både uheldig og udyktig då han boksa eit lavt innlegg rett i beina på Kjetil Wæhler og i mål.

Heimepublikumet slapp å deppe lenge, for minuttet seinare hadde Martin Ramsland utlikna, denne gong etter grove forsvarsfeil hos Sandefjord. Ein kamp før halvspelt sesong har han dermed allereie tangert fjorårets målfangst.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det, men det er sjølvsagt kjekt å skåre mål og hjelpe laget på den måten òg, ikkje berre å drive og krige, seier Ramsland.

Bortelaget var framleis det førande laget og fem minutt før pause tok dei tilbake leiinga då André Södlund dribla seg fri i straffefeltet. Kristinn Jonsson vart syndebukken denne gongen då ramla lett i forkant av skåringa. Det kan òg argumenterast for at han skulle hatt eit frispark.

Førsteomgangen var om ikkje velspelt, så i allefall full av hendingar. Minuttet på overtid kom den mest kontroversielle av dei. Martin Ramsland vart lagt i bakken på veg gjennom, dommar Trygve Kjensli peikte på krittmerket og trakk etter litt om og men opp det raude kortet. Strengt, og i tillegg er spørsmålet om ikkje regelbrotet starta utanfor sekstenmeteren. Gilbert Koomson ekspederte uansett utlikninga trygt i mål.

– Kan bli heilt avgjerande

Etter pause endra kampbiletet seg fullstendig. No var det Sogndal som eigde ballen, medan Sandefjord satsa på kontringar. Den første verkelege sjansen kom då Chidi Nwakali spelte Eirik Schulze vakkert gjennom, men sørlendingen fekk ikkje kontroll på førstetouchen på det våte kunstgraset.

Sogndal sleit lenge med å omsette overtaket i sjansar. Sandefjord hadde lagt om til 5-3-1, nekta dei kvitkledde rom, samstundes som heimelaget ikkje makta å få fart på kula.

Seks minutt på overtid sende innbytar Bendik Bye Fosshaugane til himmels, då han finta og finta, og prikka inn 3-2 med det som kan verte ei gullkanta skåring i nedrykkskampen. 

– Vi er avhengige av meir enn elleve mann, det viser vi i dag igjen. Tre poeng her kan bli heilt avgjerande på slutten og det er ei god kjensle å ta med seg inn i landslagspausen, seier Bye, òg fekk nokre godord frå spissmakkeren som putta det første målet.

– Det er fantastisk deilig med tre poeng så seint i kampen og veldig gøy at det er Bendik som gjer det. Han har vore veldig god på trening og har tatt dei sjansane han har fått, seier Ramsland.

Til toppen