JUNIORMEISTER: Sogndal sitt juniorlag gjekk til topps i vinterserien for menn etter å ha slåt Florø 3-2 i finalen. Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball.
JUNIORMEISTER: Sogndal sitt juniorlag gjekk til topps i vinterserien for menn etter å ha slåt Florø 3-2 i finalen. Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball.

Sogndal sine juniorar best i fylket

Juniorlaget til Sogndal gjekk til topps i vinterserien for menn.

Sogndal – Florø 3-2

Førde: I det som var ein målrik og spennande finale i Hafstadparken mot Florø var det til slutt sogndølene som trakk det lengste strået i 3-2-sigeren.

Dermed kan dei kalle seg for fylkets beste juniorlag etter å ha kjempa mot Førde, Høyang og Årdal/Jotun/ÅTIL i seriespelet.

I finalen var det florøværingane som kom best i gang og leia 2-0 til pause etter scoringar frå Andreas Hereid og Eirik Høydal. I andre omgang tok sogningane seg saman. Andreas Lerheim Olsen sine to scoringar og Tobias Klepp si eine scoring var nok til å snu kampen.

Vinterserien junior er ei kvalifisering til NM Telenor Cup G19, der Sogn og Fjordane kjem til å vere representert med nettopp Sogndal og Florø i første runde. Sjølve cupen startar i mai og varar fram til november.

Også på kvinnesida er det juniorfotball, men har førebels ingen kampar blitt spelt enno i serien som består av tre lag i Sogndal, Førde og Kaupanger. 

Den neste kampen her er 25. februar når Førde tar imot Sogndal. 1. mars vert det lokaloppgjer mellom Sogndal og Kaupanger på Fosshaugane Campus. Kaupanger og Førde skulle etter planen ha spelt i helga, men den kampen blei utsett.

Også her går det beste laget vidare til NM Telenor Cup J19.

Til toppen