UTE: G19-laget til Sogndal står utan poeng i gruppe A i Skandinavisk meisterskap etter tap fredag.
UTE: G19-laget til Sogndal står utan poeng i gruppe A i Skandinavisk meisterskap etter tap fredag. (Foto: Arkiv)

Sogndal sitt G19-lag er ikkje lenger med i gullkampen

Sogndal G19  tapte sin andre kamp i Sverige i dag.

Gøteborg: I ettermiddag tapte Sogndals G19-lag 2-0 mot Elfsborg i Skandinavisk meisterskap.

– Kampen i Gøteborg er over, og vårt unge G19-mannskap måtte bita i kunstgraset på Prioritet Serneke Arena i dag, skriv Sogndal fotball på sin facebookside.

Fredag tapte sogndølane 2-1 mot danske Esbjerg. Dermed står Sogndal utan poeng i gruppe A.

6. desember skal G19-laget tilbake til Sverige for andre del av Skandinavisk meisterskap. Då skal dei spela mot Mjøndalen.

Sogndal er etter denne helga ute av gullkampen, og kan i beste fall bli nummer fem i Skandinavisk meisterskap.

Til toppen