KONKURRANSE: Klatreveggen i Sognahallen i Sogndal er allereie ein av dei mest spektakulære i landet. No skal dei òg byggja ein speedvegg etter internasjonal OL-standard.
KONKURRANSE: Klatreveggen i Sognahallen i Sogndal er allereie ein av dei mest spektakulære i landet. No skal dei òg byggja ein speedvegg etter internasjonal OL-standard.

Sogndal skal arrangera klatre-NM – blir første gong i Norge med godkjent OL-speedvegg

Blodfersk OL-grein får norsk NM-debut i saftbygda i november.

Sogndal: I november skal Sogndal for andre gong arrangera NM i klatring. Sist var i 2010. Det spesielle no er at det òg skal konkurrerast i den heilt ferske øvinga speedklatring, ein av tre øvingar når klatring kjem på OL-programmet i 2020.

Arrangørane ventar 30-40 deltakar i seniorklassen og rundt 60 deltakarar i juniorklassen.

– Dette blir ei samling av dei beste klatrarane i heile Norge. Det er veldig stort, seier Mie Dahl Pind, som er med i NM-komitèen i Sogndal klatreklubb. 

GLER SEG: Mie Dahl Pind i Sogndal klatreklubb har trua på at den organisasjonen skal greia å arrangera eit så stort meisterskap. Foto: Privat

Små, men får til store ting

At klatring har kome inn i OL-varmen er eit bevis på at sporten er på veg opp. I Sogndal ønskjer dei å vera tidleg ute, difor er ein femten meter høg speedvegg ein del av utbyggingsplanane til klatresenteret.  

– Dette blir blir den første konkurransen i Norge med speedvegg etter internasjonal OL-standard, seier Dahl Pind.

Ho fortel at det å arrangera NM krev eit stort dugnadsapparat, utan at det gjer arrangørane uroa.

– Me har eit stort og engasjert klatremiljø i bygda. I tillegg er me ei undergruppe til Sogndal idrettslag, så me kan òg spela på dei, seier Dahl Pind.

– At me får arrangera NM viser at me greier å få til store ting på ein liten plass, seier ho.

Fasilitetane er for det meste på plass

Bortsett frå å bygga speedveggen, er det meste andre fysisk på plass. Den store veggen frå 2006 er framleis blant dei råaste i landet. Rett nok må taka vaskast og settast opp i nye og spanande ruter, ein solid jobb i seg sjølv.

I tillegg må anna småplukk ordnast, som å laga i stand eit provisorisk publikumsområde foran klatreveggen. Ellers har klatreklubben snart alt dei treng for å arrangera konkurransar på høgt nivå. 

– Me har veldig gode fasilitetar. Det er det organisatoriske som må på plass, seier Dahl Pind.

– Eg trur faktisk at me framleis har Norges beste konkurransevegg. Og med utbyggingsplanane til Sogndal klatresenter, får me NM i speedklatring på nybygd vegg etter internasjonale standardar.

Som om ikkje det var nok, leikar klatresenteret med tanken om å byggja om buldreveggen òg etter internasjonal OL-standard. Då vil dei i så fall ha heile trekløveret på plass: både buldring, led- og speedklatring. 

I NM i Sogndal blir det berre konkurrert i led- og speedklatring.

Til toppen