FÆRRE FLYKTNINGAR: Sogndal kommune var budd på å ta imot femtito flyktningar til neste år. Det talet er no kraftig nedjustert, utan at alle ser det som eit sunnheitsteikn. Foto: arkiv.
FÆRRE FLYKTNINGAR: Sogndal kommune var budd på å ta imot femtito flyktningar til neste år. Det talet er no kraftig nedjustert, utan at alle ser det som eit sunnheitsteikn. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Sogndal skal ta imot færre flyktningar enn forventa

Men ikkje alle tek det som eit teikn på at krisa er over.

Sogndal: Då flyktningkrisa i Syria var på det verste vart det mobilisert voldsomt for at kommunane skulle bu seg på å ta imot straumen av menneske på flukt.

Sogndal kommune forventa å ta imot femtito flyktningar til neste år, der femten av desse var einslege mindreårige. Dette talet er no kraftig nedjustert, frå femtito til trettifem, der berre fire er einslege mindreårige. 

UROA: Vibeke Johnsen ser ikkje på nedjusteringa som eit sunnheitsteikn.
UROA: Vibeke Johnsen ser ikkje på nedjusteringa som eit sunnheitsteikn.

Vibeke Johnsen (SV) meiner det ikkje kan tolkast som noko sunnheitsteikn.

–  Det er framleis millionar av menneske på flukt, men det er færre som greier å komme seg vekk frå nærområda. I tillegg har vi i Norge fått ein langt strengare asylpolitikk. Det er dei to viktigaste grunnane til nedgangen vi no ser. Det er ikkje ei positiv og ønskja utvikling, sa ho då kommunstyret hadde saka oppe i dag.

Les også: Ber kommunane ta imot færre flyktningar

Eline Orheim (Ap) deler den uroa. Samstundes meiner ho det er viktig å sende eit signal til staten om dei må ta rekninga om det har ført til meirkostnader å rigga opp tenesta til å ta imot det forventa talet flyktningar.

– Det er ein noko spesiell situasjon at vi skal busette færre enn vi har tatt høgde for, sa ho frå talarstolen.

Rådmannen forsikra om at kommunen slepp å nedbemanne sjølv om dei no må ta imot færre enn forventa.

Rita Navarsete (Frp) meiner innvandringspolitikken er streng, men rettferdig, og minner om at den er vedteken av eit fleirtal på Stortinget.

– Det er millionar av menneske på flukt, men vi kan ikkje ta imot alle. Det vi kan er å bruke pengar på å hjelpe flyktningane i nærområda. Eg tykkjer det er ei gladsak, at vi allereie greier å ta imot dei vi allereie har. 

Til toppen