Sogndal-HamKam: 3-0 (0-0)
Det var to lag med ulikt utgangspunkt som møttest på Fosshaugane stadion laurdag. Sogndal måtte ha tre poeng for å halda liv i opprykksdraumen, medan HamKam berre hadde æra å spela for.
Sogndal-HamKam
OBOS-ligaen
Fosshaugane stadion
Mål Sogndal:
Mål HamKam:
Laget:
Mathias Lønne Dyngeland (k) - Tomas Totland, Stefan Antonijevic, Martin Roseth, Sixten Dalen Jensen, Ogbu Igoh - Steffen Ernemann, Eirik Schulze, Tomas Kristoffersen, Joachim Soltvedt - Ulrik Flo
Benken:
Håvard Hetle, Andreas Hoven, Kristoffer Hoven, Eivind Helgesen, Sivert Mannsverk, Alioune Ndour, Eirik Lereng
Heimelaget satsa på rutine frå start, med spelarar som Stefan Anonijevic (30), Steffen Ernemann (37) og Ulrik Flo (31) på bana, i staden for Eivind Lereng (18), Sivert Mannsverk (17) og Alioune Ndour (22).
Jamt i første
Heimelaget starta best, og skapte eit par sjansar ved Ulrik Flo og Joachim Soltvedt. Etter kvart tok derimot HamKam over både i spel og sjansar, medan Sogndal måtte jaga mykje ball.
Like før pause var bortelaget nær ved å gå i leiinga etter eit fantastisk langskot, men stolpen stod i vegen.
Slik blir det avgjort
Tabell:
- Aalesund 76 poeng
- Sandefjord 65 poeng
- Start 59 poeng
- KFUM 45 poeng
- Sogndal 45 poeng
- Nest Sotra 44 poeng
- Kongsvinger 43 poeng
Plass 3-6 spelar playoff om opprykk, saman med nummer 14 i Eliteserien.
Siste og 30. serierunde, 9. november:
- HamKam-Nest Sotra
- KFUM-Sogndal
- Jerv-Kongsvinger
I andre var det igjen Sogndal som starta best. Og igjen var Joachim Soltvedt og Ulrik Flo på farten, men begge fekk skota sine blokkerte dei første ti minutta.
Starta målrushet
Så fekk heimelaget uttelling for presset. Tomas Kristoffersen skaut frå distanse, ballen skar gjennom ein tettpakka målgard, før han strauk inn ved stolpen.
Eit par minutt etter var HamKam farleg frampå, men Mathias Dyngeland var sikker i klypene og nekta å gje retur på det harde skotet.
I det 62. minutt fekk Ulrik Flo avslutta frå kort hald, men ballen gjekk rett på keeper.
Dei neste ti minutta skjedde det ingenting, før Ulrik Flo dukka opp i boksen på ny.
Plutseleg på skothald
Joachim Soltvedt skaut frå langt hald, keeperen gav retur, og på blankt mål og frå fire meter sette stryningen ballen i mål til 2-0. Akkurat på den sjansen hadde det vore ein større prestasjon å bomma.
Nye ti minutt seinare fekk Eirik Schulze ballen servert av HamKam-forsvaret, og sørlendingen kunne enkelt senda ballen i mål.
Meir skjedde det ikkje på Fosshaugane denne kvelden. Dei tre poenga var livsviktige for Sogndal, men dei tre måla kan òg visa seg å bli nyttige i opprykkskampen.
Sidan både Kongsvinger og Nest-Sotra tapte, kan KFUM og Sogndal gjera opp om kven som tek den viktige fjerdeplassen i siste serierunde neste helg.