Raufoss - Sogndal 0-2
I solskinet på NAMMO stadion på Raufoss var det lite som tyda på at heimelaget spelar i 2. divisjon medan Sogndal er på høgaste nivå i Noreg. Så starta også Sogndal med mange av sine beste spelarar på benken eller ute av troppen.
Les også: Sjå Sogndal si ferd mot Ullevål her
Raufoss var svært nære å ta leiinga eitt kvarter før slutt på ei kontring; ballen blei lobba over sogndalkeeperen - for høvet Tarjei Omenås - men lobben vart redda på strek. I det heile hadde Raufoss vore vel så gode som Sogndal i 2. runde kampen i cupen.
Men så viste Sogndal seg svært effektive; Espen Næss Lund ekspederte eit langt kast frå Taijo Teniste i mål med hovudet vel ti minuttar før slutt.
Då gjekk det heller ikkje meir enn to minuttar før Bendik Bye vart spelt åleine med Raufoss-keeperen; Bye gjorde ingen feil og dobla leiinga.
Resultatet stod seg kampen ut og Sogndal er vidare til runde 3.