JUBEL: Ole Amund Sveen sette inn 3-1 i festførestillinga på Fosshaugane. Og kampen er berre halvspelt! Foto: Halvor Farsund Storvik
JUBEL: Ole Amund Sveen sette inn 3-1 i festførestillinga på Fosshaugane. Og kampen er berre halvspelt! Foto: Halvor Farsund Storvik (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal slo Molde 4-3

I det elleville oppgjeret på Fosshaugane gjorde Sogndal det unødvendig spennande mot Molde. Men sogndølene rodde i hamn sigeren.

Utgangspunktet for den første kampen på Fosshaugane etter fotballferien var nok annleis enn dei fleste ville ha tippa før sesongen; berre seks poeng og tre plassar på tabellen skilde sogndølene og romsdølene, som har teke tre av dei fem siste serietitlane.

Og i 1.omgangen på Fosshaugane synte Sogndal kvifor dei to laga ikkje ligg så langt frå kvarandre på tabellen. Allereie etter 3 minuttar gjekk sogndølene opp i leiinga ved Hannu Patronen etter eit hjørnespark. Sogndal heldt trykket utover i omgangen, men likevel var det moldensarane som skulle få neste nettkjenning - Joona Toivio utlikna på eit fantastisk frispark etter 20 minuttar.

Det var vel der mange tenkte at Molde kom til å ta over. Men i staden synte Lars Christian Kjemhus at det ikkje berre var gjestene som kunne scora vakre mål; fire minuttar etter utlikninga klina han ballen i krysset. Og etter 31 minuttar auka like godt Ole Amund Sveen etter å ha slått tunnel på Molde sin keeper.

I 2.omgang heldt Sogndal fram det fantastiske spelet, og Lars Christian Kjemhus scorde like godt sitt andre for dagen seks minuttar ut i omgangen - nok ei klassescoring i vinkelen frå rett utanfor 16-meteren.

Så blei det faktisk ein mållaus halvtime på Fosshaugane, og ikkje ei gong dei største pessimistane trudde vel dette kunne ryka då kampuret bikka 85 spelte minuttar. Men så heldt Harmeet Singh på å øydelegga festen; to minuttar før full tid reduserte han til 4-2 og akkurat i det 90.minutt var den klare leiinga nesten eten opp då Singh netta ein til. Men det vart lagd til berre to minuttar, og sogndølene rei sluttspurten frå moldensarane av.  

Porten kjem tilbake med reaksjonar søndag.

 

 

Til toppen