NY FLO PÅ VEG: Mot kviterussiske Sjakhtyor Soligorsk scora Fredrik Flo sitt andre mål for Sogndal denne vinteren. No er det under ein månad til seriestart. Foto: arkiv.
NY FLO PÅ VEG: Mot kviterussiske Sjakhtyor Soligorsk scora Fredrik Flo sitt andre mål for Sogndal denne vinteren. No er det under ein månad til seriestart. Foto: arkiv.

Sogndal slo sterk kviterussisk motstandar

Fredrik Flo og Bendik Bye scora måla i 2-0 sigeren mot Sjakhtyor Soligorsk.

Marbella: Sogndal er på treningsleir i Spania der dei får tøff matching av gode utanlandske motstandarar.

Sjakhtyor Soligorsk er ein av toppklubbane i Kviterussland, men må ikkje forvekslast med den enno meir meritterte ukrainske klubben Sjakhtar Donetsk.

Les også: Sogndal tapte 1-4 mot Spartak Moskva

Etter ein mållaus førsteomgang putta Sogndal to gongar dei siste tjue minutta. Fredrik Flo, son til sportssjef Håvard Flo, gav Sogndal leiinga med sitt andre mål denne vinteren.

Fem minutt før slutt scora nysigneringa Bendik Bye sitt tredje i årets treningskampar. By vart òg einaste målscorar for Sogndal mot bunnsterke Spartak Moskva sist kamp.

No ventar ei rekkje tøffe treningskampar mot Lillestrøm, Hødd, Strømsgodset og Brann, før serien startar 2. april mot Sarpsborg 08.

Til toppen