Sogndal – Florø 2-0
Sogndal: Laurdag stod veslebror i fylket, Florø, på motsett side av bana i Sognahallen i Sogndal.
Vegard Moberg og Oddbjørn Skartun scora måla til sogndølene i det som var vinterens andre treningskamp etter 5-0-sigeren over Førde førre helg.
– Dette var ein god treningsøkt, sa trenar Eirik Bakke etter kampslutt.
Neste helg er Kristiansund motstandar for Sogndal som held fram med sesongoppkøyringa.