ÅRETS FOTBALLTALENT: Håvard Hetle (15) har vunne ei prestisjetung kåring.
ÅRETS FOTBALLTALENT: Håvard Hetle (15) har vunne ei prestisjetung kåring. (Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor)

Sogndalspelar kåra til Årets fotballtalent: – Eg fekk heilt sjokk

Håvard Hetle (15) er kåra til Årets fotballtalent. Dette kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: Sogndal-spelar Håvard Hetle (15) er kåra til Årets fotballtalent i Noreg. Kåringa arrangeras av TV2 og Norges Fotballforbund i samarbeid med Equinor Morgendagens Helter. 

– Eg trudde eigentleg at nokon av dei andre kom til å vinna ettersom at dei er så gode. Eg fekk difor heilt sjokk når eg fekk veta at eg vant. Det er veldig kjekt å bli kåra til Årets fotballtalent, seier Hetle. 

Landslagsdebut som 14 åring

Keepertalentet som no har signert proffkontrakt med Sogndal, begynte å spela fotball i ung alder. Han debuterte på G15-landslaget allereie i fjor haust. 

– Håvard har lagt ned ein imponerande innsats over tid og kombinert det med både læringsvilje og glød. Det er nettopp dessa eigenskapane som kjenneteiknar dei største talenta me har i Noreg, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef Equionor Morgendagens Helter. 

Spår ei lovande framtid

Tidlegare Start-spelar Jesper Mathisen, som er eit av årets jurymedlem, er imponert over Hetle sitt talent. 

– Håvard er ein spennande keeper med god teknikk og enorm fysikk. Han har eit fantastisk grunnlag for å utvikla seg i åra som kjem, seier Mathisen. 

Til toppen