SKULDA FOR RASISME: Per-Magnus Steiring (til høgre) vert skulda for å ha kalla ein Sandefjord-spelar for «nigger». Foto: Halvor Farsund Storvik.
SKULDA FOR RASISME: Per-Magnus Steiring (til høgre) vert skulda for å ha kalla ein Sandefjord-spelar for «nigger». Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Arkiv)

Sogndal-spelar skulda for rasisme

Per-Magnus Steiring vert skulda for å ha kalla ein Sandefjord-spelar «nigger» under kampen søndag. 

Sogndal: Det er VG som skriv om hendinga. Avisa har snakka med Sandefjord-spelar Flamur Kastrati, som seier at Sandefjord-spelarane oppfatta det som om at forsvarsspelaren til Sogndal skal ha kalla ein motspelar «nigger›.

Steiring avviser dette til VG via Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Eg tok det med Per-Magnus med ein gong, og han hevdar det ikje stemmer. Han hevdar å ha sagt «fucking idiot». Då må eg stola på min eigen spelar. Eg trur ikkje han kan ha sagt dette. I kampens hete skjer det mykje, dette er sterke skuldingar, seier Bakke til VG og understrekar at klubben har nulltoleranse for rasisme.

Til toppen