ENDELEG: Endre Kupen kjempa i oppoverbakke, og bomma på straffe, før det endeleg losna. Då jubla han slik.
ENDELEG: Endre Kupen kjempa i oppoverbakke, og bomma på straffe, før det endeleg losna. Då jubla han slik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kupen gav aldri opp trass år med motgang: – Viktig for meg, men mest for laget

Endre Kupen hadde gått heile 2018 og 2019 utan nettsus då han kom til Sogndal. Etter to serierundar har han overbevist både seg sjølv, og eventuelle tvilarar, om at han framleis har det i seg.

Sogndal-Ullensaker/Kisa: 6-1 (1-1)

Ekkoa frå banninga etter straffebommen hadde knapt lagt seg, då Endre Kupen banka til på volley frå distanse etter femti minutt. Treffet var strøkent og målet ei perle.

– Ballen spratt perfekt, så det var berre å klinka til. Deilig å sjå han gå inn, seier målskåraren.

Kunstverket krona eit flott Sogndal-angrep, og viste at nordfjordingen verkeleg har funne seg til rette etter overgangen frå Bodø/Glimt.

– Det er viktig for meg sjølv, men aller mest for laget. Det er eigentleg same f... kven som skårar, berre me vinn kampen, men sjølvsagt godt å få ein god start, seier Kupen.

Slutta aldri å tru

Opphaldet i Glimt vart aldri slik målsniken hadde tenkt. Då Kupen skåra i Sogndal-debuten i helga var det hans første seriemål sidan september 2017. Først øydela ein stygg skade, så sleit han med å få tillit etter friskmeldinga, og då det endeleg losna i oppkøyringa til årets sesong kom koronaen og sette ein stoppar for alt.

– Eg trur det ikkje var meininga at eg skulle lukkast i Bodø i det heile tatt. Men eit klubbskifte kan av og til vera sunt. Det har hjelpt meg, og det er bra, seier Kupen.

Trenar Eirik Bakke var aldri i tvil om at spissen har det i seg, sjølv om det er lenge sidan han har fått vist det fram.

 – Me treng fotballspelaren Endre Kupen, men óg den typen han er i garderoben. Han seier ting som dei er, og får ned skuldrane på unggutane. Han viser i dag kva han betyr for oss, seier Bakke.

Dominerte det meste

Seriekampen måndag var den første til Sogndal på Fosshaugane på åtte månader. Til liks med heimelaget kom motstandar Ull/Kisa til oppgjeret stinne av sjølvtillit etter storsiger i første serierunde.

Startellevar

1. Renze Jagger Fij
2. Tomas Olai Totland
4. Martin Ove Roseth
5. Daniel Fritz Eid
30. Ogbu Igoh
6. Axel Kryger
7. Sivert Heggheim Mannsverk (K)
8. Tomas Kristoffersen
11. Andreas Hoven
9. Endre Kupen
18. Kristoffer Hoven

Benk:
37. Håvard Hetle
3. Per-Magnus Steiring
16. Eirik Lereng
17. Mathias Blårud
22. Eivind Helgesen
24. Sixten Dalen Jensen
25. Alioune Ndour

Då domaren bles i gang oppgjeret var det derimot berre eitt lag på bana. Seks minutt var spelt då Kristoffer Hoven sende heimelaget i føringa. Dominansen heldt fram, men anten var det ei gul strømpe eller ein stolpe i vegen.

At gjestene skulle utlikninga verka utenkeleg. Før det faktisk skjedde, til store protestar frå heimelaget. Det såg nemleg ut som eit angrep på keeper Renze Fij i forkant, men dommaren let det passera.

Kupen-show

Andre omgang, og igjen såg fotballgudane ut til å ha noko uoppgjort med Sogndal. Endre Kupen fekk sjansen frå straffemerket, men ballen traff innsida av stolpen, og spratt ut att på bana bak ein sprellande Stefan Hagerup.

– Då klikka det inne hovudet på meg. Straffe skal i mål uansett, seier Kupen.

Revansjen var ikkje langt unna. Femti minutt var passert Sogndal tok føringa att. Tomas Kristoffersen slo ein Flo-pasning til Kristoffer Hoven, som brysta ned ballen. Der venta ein målhungrig og trippande Kupen. Volleyen frå 18 meter var av høg teknisk klasse.

– Det er noko me har øvd på. Eg skal ligga og lura bak der, seier Kupen om trekket i forkant.

Det koronareduserte publikummet måtte ikkje venta lenge på eit nytt Kupen-show. Spissen frå Selje førte ballen ute ved krittlinja, men såg ut til å ha gitt opp angrepet, då han plutseleg vende på femøringen og storma inn i feltet. Ull/Kisa-forsvaret måtte ty til tjuvtriks, og dommaren peika igjen på straffemerket.

Debutant sette k(o)rona på verket

Denne gongen var det Kristoffer Hoven sin tur til å prøva seg, men tidlegare Sogndal-keeper Stefan Hagerup redda mesterleg. Uheldigvis for han hamna returen rett i beina på Hoven, som ikkje hadde noko anna val enn å putta.

Åtte minutt seinare vart Kristoffersen igjen servitør då han fann pannebrasken til Daniel Eid på eit hjørnespark. Ti minutt før slutt vart alle grunnar til å tvila på fotballgudane viska ut, då Alioune Ndour bomma på ballen på blankt mål, men enda opp med å snubla inn 5-1 likevel.

Då kampuret bikka 90 minutt fekk innbytar Eivind Helgesen æra av å avslutta målshowet då han banka ballen i mål frå 13 meter.

Målforskjellen på 10-2 etter to kampar ser unekteleg lovande ut. At tre av pissane står med to mål kvar er heller ikkje å forakta. Kupen vil likevel ikkje høyra snakk om opprykk så tidleg i sesongen.

– Me må ha beina godt planta på jorda. Det er 28 kampar igjen, så me må ta det heilt med ro, seier han.

FRUSTRERANDE: Det var lenge ein frustrerande kamp, der Kupen & Co stanga mot eit djuptliggande forsvar. (Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik)
SOLID: Daniel Eid spelte ein god kamp på høgrekanten for Sogndal, skåra eitt og la opp til eitt. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
PRESIS FOT: Tomas Kristoffersen stod bak to av Sogndal-måla. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
KAPTEIN: Sivert Mannsverk (18) leia Sogndal til sin andre strake siger som kaptein. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
SKARP: Kristoffer Hoven vart dagens mann med to mål og ein målgjevande. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
SKARP: Sogndal jublar etter å ha teke leiinga 1-0 etter berre seks minutt. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
FRISK: Andreas Hoven viste friske takter, men greidde ikkje å markera seg med målpoeng denne gongen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
Til toppen