EINSLEG REFORMFORKJEMPAR: Både folket og politikarane i Sogndal har sagt ja til ein storkommune i Sogn, men slit med å få nabokommunane med seg.
EINSLEG REFORMFORKJEMPAR: Både folket og politikarane i Sogndal har sagt ja til ein storkommune i Sogn, men slit med å få nabokommunane med seg. (Foto: Arkiv)

Sogndal står att åleine om å ønskje storkommune i Sogn

I tur og orden har alle kandidatane falle frå, no står Sogndal utan frivillige samanslåingspartnarar.

Sogndal: Torsdag sa eit knapt fleirtal av politikarane i kommunestyret i Balestrand nei til å slå seg saman med Sogndal og Leikanger.

Lenger inne i fjorden stemte politikarane i Sogndal over same sak, men med motsett konklusjon. Politikarane her ønskjer samanslåing og er i tillegg ivrige på å få Luster med på laget.

STÅR ÅLEINE: Sogndal, med ordførar Jarle Aarvoll i spissen, er åleine om å ønskje ein storkommune i Sogn. Spørsmålet no er om regjeringa vil tvinge dei i hop uansett.
STÅR ÅLEINE: Sogndal, med ordførar Jarle Aarvoll i spissen, er åleine om å ønskje ein storkommune i Sogn. Spørsmålet no er om regjeringa vil tvinge dei i hop uansett.

Problemet er berre at ingen av nabokommunane vil det same, vedtaket i Balestrand vart det siste og avgjerande beviset på det. 

– Me meinar det ville ha vore ein styrke å verta ein del av ein større kommune. Men det blir det ikkje noko av i denne omgang og det må me respektera, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta
Les også: Fylkesmannen vil at kraftkommunane tek nabopraten

Kan ende i tvang

I Luster har svaret vore kontant nei heile vegen. Leikanger gjekk med på å greie ut samanslåing, men då folket gjekk til urnene vart svaret nei her òg. Ordførar Jon Håkon Odd har heile vegen vore ein skarp motstandar av reforma. Balestrendingane var dei einaste som gav eit slags tja, etter at folkerøysinga i mai viste eit syltynt fleirtal for samanslåinga. Politikarane vende altså tommelen ned, om enn med like knapp margin.

Når Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal avgjere vil truleg råda frå fylkesmennene bli tungt vekta. I september la fylkesmann Ann Karin Hamre fram hennar utkast til nytt kommunekart i fylket. Samanslåinga av Sogndal, Balestrand og Leikanger var den einaste storkommunen ho føreslo i Sogn. 

I tillegg siterte NRK i går Aftenposten på at Sogndal, Leikanger og Balestrand er blant femten-tjue kommunar der tvang kan bli aktuelt for å få til samanslåing. 

Vil ikkje spå framtida

Likevel er ikkje ordførar Jarle Aarvoll overtydd om at ein storkommune i Sogn vil bli pressa gjennom.

– For meg er det svært uklart kva regjeringa har tenkt å gjere. Eg trur ikkje det kjem noko godt ut av å bruke tvang. I slike prosessar må dei det gjeld sjølve ønskje det, seier han.

Til toppen