I SKOTET: Verken Akeem Latifu, Joachim Soltvedt eller dei andre Sogndal-spelarane greidde å setta fyr på kampen mot Viking.
I SKOTET: Verken Akeem Latifu, Joachim Soltvedt eller dei andre Sogndal-spelarane greidde å setta fyr på kampen mot Viking. (Foto: Steffen Starheim)

Sogndal straffa av nådelause Viking

No blir resten av sesongen ein kamp for å behalda kvalifiseringsplassen.

Viking-Sogndal: 2-0 (1-0)

Etter sigeren mot Sogndal ser Viking ut til å ha festa det endelege grepet om den andre direkte opprykksplassen i 1. divisjon.

Sogndal står no med fem tap på sine seks siste kampar.

Etter ein jamn første omgang fekk Sogndal eit mål i trynet like før pause. Ein bokskopnarpasning frå Tommy Høiland sende Ylldren Ibrahimaj gjennom. Åleine mot Dyngeland gjorde han ingen feil.

Andre omgang vart rein reprise. Sogndal var minst på høgde, men det var Viking som var kvassast føre mål. Kristian Thorstvedt dobla leiinga i det 71. minutt då han banka ballen i krysset frå 17-18 meter.

Fleire mål vart det ikkje i kampen. Dermed vil serieavslutninga handla om å berga kvalikplassen for Sogndal sin del. Dei har ni poeng ned til Nest-Sotra og Tromsdalen, men sistnemnde har ein kamp mindre spelt.

Til toppen