SENTRUM: Sogndal SV vil altså ha ein barnehage lokalisert i sentrum, slik at fleire kan velje å gå eller sykle til barnehagen, skriv Sogndal SV ved Vibeke Johnsen.
SENTRUM: Sogndal SV vil altså ha ein barnehage lokalisert i sentrum, slik at fleire kan velje å gå eller sykle til barnehagen, skriv Sogndal SV ved Vibeke Johnsen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

MEININGAR

Sogndal SV vil ha ny barnehage lokalisert i sentrum

Alle er opptekne av at den nye barnehagen skal vere god både for ungar og tilsette. Så langt er vi samde. Då står spørsmålet om lokalisering att, og her er det som vi veit fleire meiningar om kor barnehagen bør plasserast, skriv Sogndal SV. 

INNLEGG: Sogndal treng ny barnehage i sentrum. Alle partia legg barnehagefaglege vilkår til grunn for val av lokalisering. Alle er opptekne av at den nye barnehagen skal vere god både for ungar og tilsette. Så langt er vi samde. Då står spørsmålet om lokalisering att, og her er det som vi veit fleire meiningar om kor barnehagen bør plasserast. 

For SV er det avgjerande å planlegge for at meir av kvardagstransporten mellom heim, skule, barnehage og jobb skjer på beina og med sykkel. Slik kan vi redusere klimautslepp lokalt. Mange seier at folk må køyre privatbil for å få kvardagen til å gå opp på ein god måte. SV ser sjølvsagt at tida på morgonen og ettermiddagen er verdifull, ikkje minst for småbarnsfamiliane. Difor vil vi planlegge for korte avstandar slik at folk kan velje miljøvenlege transportalternativ, også når dei skal følgje og hente ungar i barnehagen. Ein ny barnehage i sentrum legg til rette for at fleire kan velje å gå eller sykle frå heimen via barnehagen til jobb på Campus, i Sogndalsfjøra eller med buss til Leikanger. 

I diskusjonen om lokalisering av sentrumsbarnehage er jordvern eit tema for alle alternativa. Sogndal kommune har utarbeidd dokumentet «Jordvern i eit vekstområde» som mellom anna byggjer på ein rapport frå Asplan viak. Der skriv kommunen: « For å i større grad sikre jordvernet og utvikle gode tettstader må kommunane ved kommuneplanrullering skifte fokus frå innspelbasert arealekspansjon til fortetting og transformasjon i eksisterande byggeområder og i gangavstand til sentrum.» Å byggje frå sentrum og ut vil vere avgjerande for best mogleg å leggje til rette for det fruktbare landbruket i Sogndal. 

I Sogndal har barnehagar og høgskulen god nytte av samarbeidet, om praksis og som høgskulebarnehagar. Gangavstand til barnehagelærarutdanninga på Campus gjer tett samarbeid med den nye barnehagen enklare og miljøvenleg. I ein høgskulebarnehage samarbeider ein om meir enn praksis, studentar kan til dømes gjennomføre aktivitetar i barnehagen og samarbeidet mellom utdanninga og praksisfeltet kan utviklast endå meir. 

Sogndal SV vil altså ha ein barnehage lokalisert i sentrum, slik at fleire kan velje å gå eller sykle til barnehagen. Vi har vurdert Rutlin som eit godt alternativ, og i formannskapsmøtet spurte vi om «gamle lærarskulen», men forsto at arealet er ein del av Campus-planane. SV vil søkje samarbeid for å skape fleirtal for eit godt og sentrumsnært alternativ.

Til toppen