JUBEL: Stemninga i garderoben var på kokepunktet etter 5-4 sigeren over Skottland.
JUBEL: Stemninga i garderoben var på kokepunktet etter 5-4 sigeren over Skottland. (Foto: Fotball.no)

Sogndal-talent var joker då U19-landslaget snudde kollaps til triumf

Sogndal-talentet Ulrik Fredriksen var sentral i den vanvittige snuoperasjonen mot Skottland tysdag. Tre mål på åtte minutt snudde tap til siger, og sikra U19-landslaget til Norge EM-bilett 

Norge U19-Skottland U19: 5-4

– Det var heilt vilt. Eg veit ikkje kva eg skal seie, heilt nydeleg, seier Ulrik Fredriksen etter den historiske sigeren i Tyskland tysdag.

Det kan ikkje ha skjedd ofte i fotballhistoria at eit lag har gått frå å leia med to mål, til å ligga under med to mål, for så å knipa sigeren med tre mål i sluttminutta. Men det var nettopp det som skjedde tysdag, med Sogndal-talentet i ein av hovudrollene.

Jubel og tårer i garderoben

Då Ulrik Fredrikstad kom innpå i det 79. minutt var stillinga 2-4 til Skottland, etter at Norge hadde leia 2-0. Då dommaren bles i fløyta elleve minutt seinare var stillinga 5-4 og Norge var klare for EM.

Fredriksen seier at det var ville tilstandar i garderoben etter at bragden var eit faktum.

– Alle sprang rundt og skreik, nokre grein. Det var ingen som heilt kunne tru det som hadde skjedd. Eg slit framleis å skjøna kva eg har vore med på, seier Fredriksen dagen derpå.

Frå andrelagsspel til landslaget på rekordtid

I debutsesongen for Sogndal i fjor vart han brukt som midtstoppar. I treningskampane har spelt ein del på midtbana. Men då han vart kasta innpå i desperat skåringsjakt mot Skottland var det som spiss.

– Me hadde ein plan på kva me skulle gjera om me hamna under. Me visste at me måtte ha siger for å komma oss vidare, så me hadde ingenting å tapa. Me køyrte berre på og i går så gjekk det veken.

  Foto: Thomas Brekke Sæteren

Han gjekk frå andrelaget til fast eliteseriespel i mai i fjor, og fekk sin aller første landskamp i august. No er altså Ulrik Fredriksen og resten av U19-landslaget EM-klare, etter å ha vore med å slå ut stornasjonar som Nederland og Tyskland.

Ei tilsynelatande utruleg forvandling, men Fredrisken fortel at han har vore nære landslagsplassen når han yngre òg.

– Eg spelte ganske lenge i 5. og 6. divisjon med Sædalen. Då blir du automatisk litt meir usynleg for dei som tek ut landslaga. Då eg gjekk til Fyllingsdalen, så kom det folk frå landslaget på tribunen for å sjå meg, men det var enno ikkje godt nok, seier Fredriksen.

Har ambisjonane klare

Etter å ha klora seg fast på A-laget til Sogndal, var han derimot vanskeleg å unngå. Då han debuterte mot Austerrike i august, hadde han allereie 12 eliteseriekampar under beltet.

– Å få debuten på landslaget er noko eg har hatt veldig lyst til sidan eg var yngre, og som eg var jækla nære å få til. Å ta det igjen no er berre heilt nydeleg. Det er det du vil som fotballspelar, å få spele på landslaget, seier Fredriksen.

Med eit år bak seg der det meste har gått på skinner, er det naturleg å sette lista høgt òg for det neste. Bortsett frå å få spela så mykje som mogleg på både klubb og landslag, har han ambisjonane klare for komande sesong.

– Opprykk med Sogndal og prøva og vinna EM, kjem det kontant.

Til toppen