FOTBALLHÅP: Fagansvarlig Håkon Grøttland i Landslagsskulen, Eivind Helgesen (Sogndal Fotball), Sivert Mannsverk (Sogndal Fotball), Anders Fleten (Dale IL) og Martin Samuelsen (West Ham). ​Foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil.
FOTBALLHÅP: Fagansvarlig Håkon Grøttland i Landslagsskulen, Eivind Helgesen (Sogndal Fotball), Sivert Mannsverk (Sogndal Fotball), Anders Fleten (Dale IL) og Martin Samuelsen (West Ham). ​Foto: Ole Jørgen Bratland, Statoil.

Sogndal-talenta fekk trene med West Ham-Samuelsen

– Alle er like motiverte, seier årdølen Sivert Mannsverk (15) om talentleiren.

Stavanger: Denne veka har dei 135 største fotballtalenta i Norge mellom 14 og 16 år vore samla på treningsleir i Stavanger. Blant dei var Sivert Mannsverk (15) frå Årdal og Eivind Helgesen (16) frå Sogndal, som fekk trene med West Ham-proff og landslagsspelar Martin Samuelsen.

– Eg hugsar sjølv kor spanande det var for meg å delta på denne typen leir og kunne måle meg mot dei beste, sier Samuelsen ifølgje ei pressemelding frå arrangørane i NFF og Statoil Morgendagens Helter.

– Det å kunne få vere med på ein slik talentleir bør vere ein stor inspirasjon til å utvikle seg vidare og bli endå betre fotballspelarar, seier han.

Les også: Sivert Mannsverk (14) debuterte for A-laget til Sogndal

I same pressemelding seier Sivert Mannsverk at han hadde store forventningar til opphaldet, der han får matcha seg med dei beste jamaldringane.

– Me har blitt ein veldig god gjeng her og alle er like motiverte for å ta dei ekstra stega som trengs for å bli framtidige landslagsspelarar. Trenarane har òg vore veldig gode, noko som gjer at alle saman yter det lille ekstra, sier han.

Både han og lagkamerat Helgesen får i allefall gode skussmål frå trenarhald.

– For å bli ein toppspelar må du både ha talent og vilje til å trene mykje over lengre tid. Det har definitivt desse Sogndal-talenta, sier Håkon Grøttland, fagansvarlig for Landslagsskulen.

Til toppen