FEKK ASSIST: Assistkongen Gilbert Koomson held på å forsvinne til USA etter supersesongen i fjor, men held førebels fram med å vere servitør for Sogndal.
FEKK ASSIST: Assistkongen Gilbert Koomson held på å forsvinne til USA etter supersesongen i fjor, men held førebels fram med å vere servitør for Sogndal.

Sogndal tapte 1-4 mot Spartak Moskva​

Det holdt i ein time mot det russiske storlaget, så rakna det for Sogndal.

Spartak Moskva - Sogndal: 4 -1

Det var litt av ein motstandar Sogndal skulle få bryne seg på i den spanske marbellasola i dag. Med ni titlar sidan 1992 er Spartak Moskva intet mindre enn det mest meritterte laget i den russiske serien. Etter omtrent halvspelt sesong leiar laget med fem poeng på Zenit St. Petersburg.

Moskva med tolv millionar innbyggjarar mot Sogndal med knappe åtte tusen seier òg litt om det forventa styrkeforholdet.  

Allereie etter seks minutt låg den første ballen bak sogndalkeeper Mathias Dyngeland. Ein fantastisk langpasning vart akkurat for høg for Victor Grodås på venstrebacken. Den paraguyanske spissen Lorenzo Melgarejo tok med seg ballen på hovudet og avslutta via hansken til Dyngeland med neste touch.

Etter målet var det framleis Spartak som hadde ballen mest, men Sogndal vart på ingen måte utspelt. Tjueni minutt ut i kampen lukkast Sogndal med det høge presset. Ein til då anonym Gilbert Koomson vart spelt fri på kanten. Inne foran mål venta ein udekka Bendik Bye som fekk ein enkel jobb med å putte.

Nokre minutt seinare var Sogndal igjen farleg frampå på høgrekanten, ikkje ein, men to gongar. I denne perioden var Sogndal gode. Koomson hadde endeleg vakna på kanten, godt støtta av alltid løpsvillige Taijo Teniste. I midten briljerte leigesoldaten Chidiebere Nwakali frå Manchester City. Det er berre til for alle fotballfans å glede seg til de får sjå han herje i eliteserien fram til sommaren. Til pause stod det 1-1.

I starten av andre omgang var Sogndal enno meir med på notane. Det høge presset stressa balltrillande russarar, men det vart litt for ofte upresist til at Sogndal greidde å skape noko særleg.

I staden var det  Spartak Moskva som gjekk opp i leiinga etter ein sjeldan visitt etter at timen var spelt. Den nederlandske kantspelaren Quincy Promes fekk lirka seg forbi Grodås og avslutninga var kontant. Noko ufortent stod det 2-1.

Rett etter gjorde Bjørn Inge Utvik ein stygg feil i eige straffefelt. Temmeleg upressa sentra han ballen rett i ein spartakspelar og driblefanten Promes kunne trille inn nummer to for dagen. Minuttet etter kunne same mann ha fullført hat-tricket, men keeper Dyngeland tvinga fram ein corner. 

Etter dette verka det som lufta hadde gått ut av sogndallaget. Eit skudd frå ein Eirik Birkelund i ubalanse etter 76 minutt var det nærmaste dei kom ei redusering. Spartak varta på si side opp med sjanse etter sjanse. Til slutt var det kampens første målscorar, Lorenzo Melgarejo, som fekk æra av å pynte på resultatet.

Det enda 1-4, men Sogndal gjorde ein god kamp og har ingenting å skamme seg over etter møtet med det russiske storlaget.

Startoppstilling Sogndal: 

Dyngeland - Teniste, Utvik, Steiring, Grodås - Koomson (Totland 67.), Brekkhus (Schulze 74.), Birkeland, Nwakali - Bye, Ramsland (Fredriksen 64.).

 

Til toppen