TAP: Sogndal tapte 2-1 borte mot Sandnes Ulf.
TAP: Sogndal tapte 2-1 borte mot Sandnes Ulf. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal tapte for Sandnes Ulf

Skoring på overtid sørga for at heimelaget stakk av med alle tre poenga.

Sandnes Ulf - Sogndal 2-1 (1-0)

Sogndal starta kampen godt, og gjekk ut med eit høgt press. Etter seks minuttar fekk Tomas Kristoffersen sjansen ved eit farleg frispark like utanfor Sandnes Ulf sin sekstenmeter. Skotet gjekk like over mål. 

Så var det Sandnes Ulf sin tur til å presse, og i det 17. spelarminuttet tok dei leiinga etter eit kremmarhus frå Mads Sande. Skotet frå 20 meter gjekk i retning venstre kryss, og Sogndalkeeper Renze Fij kan neppe klandrast for den.

Resten av omgangen vart prega av mykje tøffe duellar, der heile fire sogndalspelarar fekk utdelt gult kort. Henholdsvis Tomas Kristoffersen, Tomas Totland, Sivert Mannsverk og Daniel Eid.   

På tampen av omgangen kunne Sandnes Ulf ha lagt på til 2-0 ved eit farleg angrep, men ein vaken Renze Fij var med på notene, og omgangen var ferdigspelt like etter på stillinga 1-0 til heimelaget. 

Meir med på notene

Etter pause fekk tilskodarane sjå eit langt meir aggressivt Sogndal-lag enn i den første omgangen. Allereie etter fire minuttar kom utlikninga ved Alioune Ndour, som etter litt klabb og babb i feltet kunne lirke ballen inn til 1-1. 

Sogndal heldt fram med det høge presset, og etter 55 minuttar kunne Kristoffer Hoven ha gitt sogndølene leiinga på straffespark etter ei felling av Endre Kupen. Men Sandnes Ulf-keeper Aslach Falk var med på notene etter ein svak avslutning av Hoven. Falch gav retur, men når verken Hoven eller høgreback Daniel Eid klarte å bli einige om kven som skulle avslutte på returen, vart ballen til slutt klarert til eit innkast. 

Deretter skjedde det lite i ein lengre periode der Sogndal heldt fram med det høge presset og hadde mykje ball. Likevel resulterte det ikkje i dei store sjangsane.  

Svakt forsvarsspel og seint vinnarmål 

Det heile såg ut til å ende 1-1, men to minuttar på overtid dukka Kent Håvard Eriksen opp for heimelaget og satt inn 2-1 etter å ha snappa opp ein svak heading frå Sogndal-stoppar Igoh Ogbu.

Ein sein sluttspurt frå Sogndal med eit par halv-farlege sjangsar hjalp lite og kampen enda til slutt med siger til heimelaget. 

Til toppen