10. PLASS: Sogndal ligg no på 10. plass på tabellen. Foto: Arkiv
10. PLASS: Sogndal ligg no på 10. plass på tabellen. Foto: Arkiv

Sogndal tapte i nord

Det er no fem kampar sidan sist Sogndal-spelaren kunne strekke armane i vêret og juble for tre poeng. 

Tromsø –  Sogndal 2-0

Tromsø: Heller ikkje mot tabellnabo Tromsø klarte sogndølene å få med seg tre poeng søndag.

Det sørga Tromsøs Simen Wangberg og Ulrik Yttergård Jenssen for då dei scora begge måla for heimelaget før pause.

– Det klabber litt i dag, og me får litt i mot oss. I tillegg klarer me ikkje å forsvare oss, og me klarer heller ikkje score, seier ein skuffa Bakke til klubbens heimeside etter kampen. 

Stort Tromsø-press

Scoringa til Wangberg kom midtvegs ut i første omgang i det 26. minuttet. Runar Espejord slo inn frå venstrekanten. Ut kom Mathias Dyngeland, men han klarte ikkje å få ballen unna før Wangberg fekk hovudet på han og stanga inn 1-0.

Inntil då hadde Tromsø vore det klart beste laget på bana og hadde fleire gode sjansar til å leggje på til 2-0, men det var først i det 40. minuttet at Dyngeland måtte gi tapt for andre gong.

– Me startar kampen okay, men Tromsø har ein 15-20 minutts periode midtvegs i førsteomgang der dei kjem med mykje trykk og får ein del dødballar. Det er desse minuttane som øydelegg for oss i dag, forklarar Bakke.

Kom ikkje til sjansar

Heimelaget storma framover med Ulrik Yttergård Jenssen i spissen. Han drog seg innover frå eit ryggande Sogndal-forsvar før han fyrte med venstre og la ballen kontrollerte i lengste hjørne frå 15 meter.

Med 2-0 til pause gjorde Bakke grep og sette inn Rune Bolseth for Lars Christian Kjemhus, men det skulle vise seg at Tromsø ikkje var villig til å gi frå seg noko gratis.

– Tromsø ligg i tillegg så djupt at me rett og slett ikkje klarar å spele oss gjennom til gode sjansar. Det gjeld å vere god i dei avgjerande situasjonane. Hadde me fått eit mål, veit ein aldri kva som hadde skjedd.

Det kom aldri, og dermed enda kampen med 0-2-tap for sogndølene som no har fem poeng ned til Aalesund på playoff. Neste helg ventar Sarpsborg 08.

Til toppen