Sogndal-Tromsdalen: 5-2 (3-1)
Sogndal slo tabelljumbo 5-2, i ein underhaldande og sjanserik fotballkamp søndag. Sigeren gjer at Sogndal berre er eitt poeng bak kvalikplassen som gir rett til å spela om opprykk til Eliteserien.
Laget står no med atten mål og ti baklengs på dei siste fem heimekampane.
– Det er slik me er, me durar på framover, og så opnar det seg litt bakover. Men det er betre å vinna 5-2, enn 3-0, og me kunne fort ha skåra fleire, seier trenar Eirik Bakke.
Sveen tilbake med skåring
I tillegg til mange flotte mål, var det mykje å jubla for på Fosshaugane.
– Eg har jobba, eg har venta, eg har bedt. I dag skjedde det, seier spisstalentet Akor Adams, som skåra sine to første mål for sesongen.
Ole Amund Sveen skåra sitt første seriemål sidan putta det avgjerande 2-1 målet mot Lillestrøm i september 2016. Eirik Schulze toppa det heile med å skåra to flotte mål frå distanse, og sørga for at Sogndal no har fire sigrar på rad på heimebane.
Tromsdalen derimot går ein mørk haust i møte. Dei står framleis med to poeng på fjorten kampar, og ligg desidert sist i 1. divisjon.