GOD START: Sigurd Haugen førte Sogndal opp til 1-0 frå straffemerket, men til slutt var det gjestene frå Bergen som trakk det lengste strået.
GOD START: Sigurd Haugen førte Sogndal opp til 1-0 frå straffemerket, men til slutt var det gjestene frå Bergen som trakk det lengste strået. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bakke-stikk etter tap: – Dei handlar spelarar for millionar, me lagar dei sjølve

Storebror Brann stakk av med sigeren, men i banespelet var Sogndal fullt på høgde. Det gjorde Sogndal-trenaren eit lite poeng av etter kampen.

Sogndal-Brann: 1-2 (1-2)

To annulerte mål, og flust med sjansar. Sogndal skapte trøbbel mot Brann på Fosshaugane onsdag kveld. Til slutt var det likevel gjestene som kunne jubla over avansement.

– Det er surt, vedgår trenar Eirik Bakke.

Som ikkje kunne dy seg frå å gje eit lite stikk til trenarkollega Lars Arne Nilsen, trass tapet.

– Medan dei har handla spelarar for millionar, så har me laga dei sjølve. I dag ser me at det bur mykje i dei óg, og me tapar etter mitt syn ufortent, seier Bakke.

Brann svara nådelaust

Sogndal rysta storebror frå Bergen, og var det beste laget i store delar av den første omgangen. Ein halvtime ut i kampen skåra Sigurd Haugen på straffe, etter at han sjølv hadde blitt felt av keeper.

I tillegg var både Ole Amund Sveen og Sixten Dalen Jensen farleg frampå. Sistnemnde sentra til ein medspelar i offside i staden for å skyta åleine mot keeper.

– Eg veit ikkje om det er klønete av meg, eller klønete av dommaren. Men får me 2-0 der, så trur eg kampen hadde sett veldig anleis ut, seier Haugen, som eit lite sekund trudde han hadde blitt tomålsskårar.

I staden for at heimelaget fekk mål nummer to, slo Brann nådelaust tilbake. Først sette stoppar Stefan Antonijevic ballen i eige mål, før Amer Ordagic snudde til leiing 2-1 minuttet seinare.

Andre omgang starta med at Sogndal jaga eit balltrillande Brann, utan å få brota dei var ute etter. Tjue minutt ut i omgangen opna kampen seg til gjengjeld opp.

Store sjansar til begge lag

Ulrik Fredriksen fekk avverga eit Berisha-skot med ei sklitackling i det 66. minutt. Fem minutt seinare vart Ramsland spelt gjennom, men Vito Wormgoor rakk heim i tide. Haugen fekk losna eit skot i boksen i det 80. minutt, men keeper redda utan store vanskar.

I det 82. minutt varta Dyngeland opp med ei einhandsredning av dei heilt sjeldne. Seks minutt etter viste han igjen fram dei lynraske refleksane med høgrehanda, etter at Petter Strand hadde vore på tur framover.

I det 89. minutt steig jubelen, då Ulrik Flo sette ballen i nettet, men for andre gong i kampen fekk Sogndal eit mål annullert for offside.

På overtid vart det Hawaii-tendensar, og Sogndal fekk nye sjansar til å utlikna. Brann hadde likevel den største óg i denne perioden av kampen, då Dyngeland igjen måtte til pers.

Etter å ha produsert dei største sjansane var det difor ikkje direkte ufortent at Brann gjekk vidare, i det som elles var eit jamspelt oppgjer.

– I dag føler eg me har ganske bra kontroll på dei, og synst me er gode. Så tapar me eigentleg kampen dei siste fem minutta før pause. Det er bittert, seier målskårar Haugen.

Til toppen