BERRE NESTEN: Martin Ramsland og Sogndal var gode i kveldens kamp mot Odd. Men innsatsen heldt berre nesten til å få med seg poeng. 
BERRE NESTEN: Martin Ramsland og Sogndal var gode i kveldens kamp mot Odd. Men innsatsen heldt berre nesten til å få med seg poeng. 

Sogndal tok leiinga men sprakk mot Odd

Sogndal yppa seg lenge mot medaljekandidaten, men Odd vart for sterke i sluttminutta på heimebane.

Odd-Sogndal: 2-1

Sogndal var jamngode med Odd til det stod att eit kvarter av kampen. Så viste skienslaget kva som er forskjellen på ein medaljekandidat og eit lag midt på tabellen.

– Fantastisk innsats av gutta, me viser at me nærmar oss dei store. Me er sjølvsagt skuffa over at det blir tap, men til neste sesong kjem me og tek dei, sa trenar Eirik Bakke til TV2 etter kampen.

Lyspunktet etter tapet er at Sogndal no er sikra eliteseriespel, då alle laga bak dei gav frå seg poeng.

Tok leiinga på direkten

Sogndal sjokkert medaljekandidat Odd frå start. Etter berre fem minutt fekk Jukka Raitala sitt første mål for Sogndal. Frå kanten av sekstenmeteren dunka finnen ballen opp i det næraste krysset.

Odd fekk sin første halvsjanse etter tolv minutt. Verkeleg farleg vart det først åtte minutt seinare. Odd rulla vakkert opp, boksen var stappfull, men Eirik Birkelund fekk så vidt klarert innlegget over tverliggaren. Ti minutt etter fekk Oliver Occean tidenes sjanse til å utlikninge, men headinga frå to meter gjekk utanfor.

Sogndal var heller ikkje ufarlege. Etter trettifem minutt var Raitala involvert igjen då han serverte Martin Ramsland inne i boksen. Sistnemnde fekk ikkje klem på skotet frå tolv meter.

Sprakk på slutten

Då Sogndal gjekk til pause med 1-0 var det ikkje direkte ufortent. Det første kvarteret av andre omgang var det Sogndal som skapte mest. Odd rota og Sogndal fekk komme på kontringar. 

Men etter kvart byrja Odd å trykke meir på. Først kom Occean til ei farleg heading. Nokre minutt etter banka Fredrik Nordkvelle inn utlikninga på ein volley. Like etter var Ole Amund Sveen nær ved å ta tilbake leiinga, men Sondre Rossbach i oddmålet fekk ein sko på ballen.

Tretten minutt før slutt tok Odd leiinga for første gong i kampen ved innbytar Stefan Mladenovic. Seks minutt før slutt auka ein ny innbyttar, Rafik Zekhnini, leiinga til 3-1 etter ein retur frå Mathias Dyngeland.

Til toppen